– Hugs å skriva BFF, seier Henriette Sæbø Noss (t.v.) og eitt år yngre Erle Bø Lunde etter kvar sine gode løp, det eine rekord i jenteklassen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sette banerekord på Søfteland sitt jubileumsstemne

Søfteland TIL 100 år: Henriette (t.v.) klinte til på 60 meter!

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søfteland turn og idrettslag (S.T.I.L.) fyller 100 år i år. I dag markerte dei med jubileumsstemne.

– Dei fleste arrangementa våre i år er jubileumsstemne, som fotballcupen vi hadde i slutten av april, Langedalen Opp til hausten og dagen i dag, som truleg blir vårt einaste friidrettsstemne i år, seier leiar for friidrettsgruppa, Morten Jensen.

Ulvenmarsjen i april fekk stå «litt for seg sjølv».

– Til hausten skal vi òg ha ein open dag der alle idrettane i laget får vist seg fram.

Ny pers og ny banerekord

Resultatlistene var ikkje klare for publisering då Midtsiden gjekk frå staden, men det blei fort snakk om at det hadde gått ekstra fort på 60 meter.

– Det stemmer, det er ny rekord, stadfesta ein av dommarane, Erling Andersen.

Med 8,9 sekund sette Henriette Sæbø Noss (12)frå Os Turn ny banerekord uansett årstrinn.

– Det er òg ny personleg rekord, fortel Henriette, som feira med venninna Erle Bø Lunde frå årsklassen under.

OPPDATERT: Også Izabell Eriksen (Lysekloster) sprang i mål på 8,9 og deler banerekorden.

Den førre rekorden var på 9,1 sekund, sett av Linnea Berge Fjelltveit i 2016.

Jennie Irene Bos (Lysekloster) sprang i mål på 9,0 sekund, betre enn førre banerekord, men rett bak den nye.

Malin Dale (17) frå Os Turn sette med 7,53 meter ny banerekord på kule 3,0 kg. Førre rekord, 7,47 meter, blei sett av Tuva Olsen Klyve i mai 2018.

Uventa god deltakarmengde

Søfteland TIl kunne gle seg over heile 81 påmeldte, 20 frå Os, 22 frå Lysekloster og 39 frå eigen klubb.

Deltakarar frå 5 til 17 år konkurrerte i kappgang, 60 meter, lengde og kulestøt.

I alt var det 283 startar.

Neste mål for fleire av dei er Trond Mohn Games på Fana Stadion onsdag.

Fleire saker