Cato Bruarøy, her mens Os Idrettspark framleis var open, instruerer frå Vedholmen Galleri onsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Cato Bruarøy, her mens Os Idrettspark framleis var open, instruerer frå Vedholmen Galleri onsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sette opp online karatetrening - fekk påmeldingar frå Finland og Irland

Onsdag kveld skal over 140 utøvarar følgja Os Karateklubb si trening via nett.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. mars 2020 - 21:41

Os Karateklubb startar onlineundervisning mens idrettshallar er stengte og smitteverntiltaka hindrar grupper over fem personar å samlast.

Første sending blir frå Vedholmen Galleri onsdag kveld. 

Interessa er stor. Nokre få timar etter annonsering var det 140 som hadde meldt si interesse, med påmeldte også frå Danmark, Sverige, Finland, England og Irland. 

– Vi vil, som andre klubbar og idrettslag, legga best mogleg til rette for at medlemmane held seg aktive i denne perioden. Samtidig er karate morosam trening. og dette kan vera ein inngang for nye, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.

– Me legg opp til enkle øvingar som også born, foreldre og nybyrjarar kan vera med på. Og så håper eg at fleire gamle fighterar deltar, no som ingen ser dei, legg han til.

Cato Bruarøy skal ha første trening, mens Vidar Mjånes skal ha neste. Trening blir på ein halv time med koordinasjon, armhevingar og anna fysisk trening der du klarer deg på eit avgrensa areal. 

Vidar Mjånes skal ha neste onlineøkt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vidar Mjånes skal ha neste onlineøkt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Første trening startar klokka 18, og blir sendt frå Vedholmen Galleri.

– Eg har hatt ei god treningssamling med kombinasjonen kunst og tai chi tidlegare, og galleristane Vibeke og Peter inviterte meg til å starta det nye tilbodet frå galleriet deira.

Cato underviser normalt også i tai chi, qigong og meditasjon, og startar opp onlineundervisning også i desse helseøvingane.