Lokal | 30. des. 2019

Sette opp «watergate» ved barnehage

Tett rist sendte store vassmengder mot transformator i Hegglandsdalsvegen.

Sette opp «watergate» ved barnehage
Vassmengdene truga ikkje barnehagen, men tranformatoren som står ved sidan av. Ei sperre kalla «watergate» hindra skandale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. des. 2019 09:02

Bildeserie:

Langedalen: Denne bekken måtte leiast vekk frå trafokiosken. (Foto: KVB)
Langedalen: Denne bekken måtte leiast vekk frå trafokiosken. (Foto: KVB)
Bekken ved Lysekloster, som i haust øydela ei gangbru, rann høgt også i går. (Foto: KVB)
Bekken ved Lysekloster, som i haust øydela ei gangbru, rann høgt også i går. (Foto: KVB)
Brannvesenet var òg i Myrvollen, der ein kjellar i eit hus var truga. (Foto: KVB)
Brannvesenet var òg i Myrvollen, der ein kjellar i eit hus var truga. (Foto: KVB)
1 av 3

Etter store nedbørsmengder gjennom heile søndagen, måtte både brannvesen og teknisk vakt i 22-tida ut på oppdrag i Os.

Teknisk eining lagde midlertidig grøft i Langedalen ved kryss mot Jessadalen, etter at ein bekk blei for stor til å ta seg under vegen, og i staden rann i retning ein trafikiosk.

Samtidig var brannvesenet i Myrvollen, der vassmengdene truga ein bustad som tidlegare har hatt inntrenging av vatn.

OPPDATERT: Ole Bulls veg var stengt søndag, men er i dag opna igjen.

Sette opp sperre ved barnehage

I 23-tida rykte brannvesenet ut til Hegglandsdalsvegen nedanfor Hjelle.

– Det var ikkje fare for vassinntrenging i barnehagen, men ein transformator som står ved barnehagen, seier varabrannsjef Erik Walden.

Brannvesenet har vore på tilsvarande oppdrag fleire gongar før.

– Det er ei rist lengre oppe, der vatn som kjem ned frå Borgafjellet og Hjelle blir leia under under vegen og bort til Vallaelva. Denne har truleg blitt tetta igjen.

Brannvesenet sette opp ei sperre kalla «watergate», dermed blei det ingen skandale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.