Sexy hekser på veg til Søfteland
Rock N LOL slepp fire nye band til årets festival. Det femte kan du tippa og kanskje vinna festivalpass på.
Søfteland Rock N LOL, som blir arrangert 6. og 7. juli i år, har til no sleppt 7 band.
Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL
I dag slepp dei fire nye band, i tillegg har PYRO på NRK P3 ein konkurranse der du, ved å tippa det femte bandet innan førstkomande tysdag, vinna festivalpass.
Her kan du delta i konkurransen.
Namnet på bandet og vinnaren av konkurransen blir publisert på P3 mellom klokka 21 og 23 tysdag kveld.
Men først; dei fire nye:
The Angry Wasp
Angry Wasp er låtsnekkar Endre Olsen frå Stord. Fredag 6. juli tar han med seg ei god handfull med andre eminente musikarar og sparkar i gong heile Rock N LOL 2012!
Millions
Debutalbumet til duoen er på veg og er planlagt å koma i butikkane på hausten. Før den tid kjem Millions til Søfteland med eit temmeleg unikt liveshow der dei serverer ein solid dose dansbar elektropop med element frå blant anna rock, disco, post-punk og klassisk soul.
Millions vann tidlegare i år Hove-slaget i Bergen og speler også på Tromøya i sommar. Låter av Millions blei blant anna brukt av NRK under snowboard-VM i Oslo.
Herr Nilsson
Herr Nilsson er eit av banda som spelte på fjorårets festivalvorspiel på Peppes.
– Bandet består av nokre av bergens beste musikarar og speler musikk som best kan nytast sommarsola, meiner Andreas Lindborg frå Rock N LOL.
Deathcrush
Trioen frå Oslo blir fronta av to lekre jenter og har for vane å lata publikum stå igjen med hakeslepp etter at dei går av scenen.
"Med monotont mørke og likaktig kvinnevokal framstår den oslobaserte trioen Deathcrush først og fremst som eit lydspor til ein okkult seremoni leia av en gruppe hekser. Deathcrush serverer eit imponerende, skremmende og samtidig uutholdelig sexy hav av støyrock" meinte NRK Lydverket etter å ha opplevd Deatcrush på Hove-festivalen i juni i fjor.
– Vent deg ein intens, støyande, sexy og herleg konsertoppleving, seier Lindborg.