Kultur | 25. apr. 2012

Shaun på galla i Os

60 grader Nord, galla: – Det er hektiske tider, men eg liker å ha det sånn, seier nybakt pappa og The Voice-aktuelle Shaun Bartlett.

Shaun på galla i Os
Kjem til Os: Shaun Bartlett. (Foto: Øyvind Eide)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. apr. 2012 07:44

Du har kanskje høyrt han på P3 eller sett han på TV2, Shaun Bartlett (35) som fekk 3 av 4 i dommarpanelet på The Voice til å snu seg på første strofe.

Sistemann Sondre Lerche snudde seg også rundt og viste med det at han ville ha han vidare i konkurransen. Men Shaun valte eit av sine få idol, Magne Furuholmen, som sin mentor.

YouTube: Sjå Shaun sin første audition på The Voice/TV2

I førre veke blei han pappa for første gong, fredag startar live-sendingane, laurdag kjem han til Os for å spela konsert på Oseana under gallaen til filmfestivalen 60° Nord.

– Eg går på veggane om eg har rolege dagar. At det innimellom blir travelt er berre kjekt. Eg var rask med å takka ja då eg blei invitert til galla på filmfestivalen og gler meg til å koma til Os, seier Shaun til Midtsiden.no.

Oppvaksen på Bahrain

Om du synes Bartlett-namnet høyres unorsk ut så har du heilt rett, Shaun si mor er norsk, men faren er engelsk og Shaun vaks opp med foreldra og sin fem år eldre bror på Bahrain i Persiabukta, der faren jobbar med å trena veddeløpshestar.

– Eg kjem ikkje frå ein spesielt musikalsk familie, interessa kom for fullt då storebror min kjøpte el-gitar og forsterkar for pengane han fekk i gåve til konfirmasjonen.

– Eg var heilt vill, eg var så glad at eg sa mine første banneord av glede. Men eg brukte banneorda i eit anna tonefall då eg fekk veta at eg ikkje fekk låna gitaren, minnest Bartlett.

– Heldigvis kjøpte foreldra mine eit keyboard til meg påfølgjande jul, gitar fekk eg først etter at eg sjølv hadde konfirmert meg. Men eg hadde mykje glede og nytte av keyboardet også, legg han til.

Musikk til bilde

Shaun var 10 år da han og mora flytta frå Bahrain til Noreg og Oslo. I ungdomsåra var han med i fleire band, og sidan han var den einaste som tørte å synga så blei han valt til å vera vokalist.

– Eg er glad for at dei andre trekte seg, for eg hadde nok ikkje fått den same øvinga som vokalist hadde eg ikkje hamna i den situasjonen eg gjorde.

Pearl Jam, Nirvana og det britiske bandet Jethro Tull var viktige inspirasjonskjelder. Shaun var innom fleire sjangrar, frå pop til hardcore, blant anna med bandet "Yelp".

– Det har også blitt litt musikkproduksjon for TV, film og reklame, som ein vignett for NRK-programmet Oppdrag Sognefjorden i 2011. Og noko musikk som seinare har blitt brukt i film, blant anna Appelsinpiken av Eva Dahr.

Fruktbar

I tillegg til oppdrag med band og for andre har Bartlett gjeve ut to soloalbum; Shrink the City to a Light (2008) og Sometimes Divided (2006).

– Eg skriv ofte melankolske tekstar, men er verken trist eller deppa i prosessen. Eg har det faktisk aldri så bra som når eg sit og lager nye låtar, forsikrar Shaun.

For tida er han aktuell i TV-programmet The Voice - Norges beste stemme, der han representerer Magne Furuholmen sitt lag.

– Denne tida har vore veldig fruktbar. Tida eg får med Furuholmen er veldig nyttig.

Men det er ikkje berre innan musikken det har vore fruktbart for Bartlett den siste tida, onsdag 18. april blei han pappa for første gong.

– Eg er heldig og har fått ein fin liten son, seier Shaun.

Det at han skulle bli pappa var en medverkande årsak til at han meldte seg på The Voice. Merksemda han får med sendetid på TV2 kan gje musikkarriera hans eit løft vidare.

– Derfor er eg ikkje stressa for at det er mykje som skjer i livet mitt nett no, eg er berre takksam, seier Shaun Bartlett før konserten i Oseana førstkomande laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.