Lokal | 03. okt. 2019

Shetlandsbussen KNM Hitra kjem til Os hamn

75 år sidan naudlandinga: Open båt under markeringa av jubileet.

Shetlandsbussen KNM Hitra kjem til Os hamn
Roger Hoel frå Fusa er skipssjef på KNM Hitra, det einaste norske marinefartøyet frå andre verdskrig som framleis er i drift. (Foto: Sjøforsvaret)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. okt. 2019 11:48

Fredag til søndag er det markering av 75-årsjubileum for redningsaksjonen etter naudlandinga på haugland under andre verdskrig.

Les meir om markeringa og minneskriv med detaljar om naudlandinga og den vellykka aksjonen.

Delar av jubileet er lukka for inviterte gjestar, inkludert over 50 frå Canada, mens publikum kan delta på både markering på Haugland laurdag formiddag og turmarsj til Botnahytta søndag.

Det er meldt lite vind, knappe 10 varmegradar og skyfri himmel heile helga.

Håper å sjå veteranar om bord

Laurdag ligg både «Snøgg», som blei brukt i flukta, og KNM «Hitra», søsterskipet til «Vigra», som Shetlands-Larsen brukte til å frakta dei seks kanadiarane ut av Noreg med.

– Vi er glade for å delta i markeringa, og ønskjer alle velkomen om bord, seier skipssjef Roger Hoel.

– Ein spesiell invitasjon blir sendt til alle veteranar, velkomen til aktermessa på ein kaffi og ein prat. Det er mange vetaranar i Os og nabokommunane, folk som har tenestegjort for FN og Nato i Libanon, Afrika, Irak, Afganistan og andre stadar. Eg håper å sjå mange av dei, seier Hoel, som sjølv er frå Fusa.

Bygd for ubåtjakt

KNM «Hitra» er ein av tre ubåtjagarar som den norske marinen fekk av USA i 1943. Skipet blei brukt av Shetlandsgjengen i siste del av andre verdskrig.

Etter krigen gjekk den som kystvakt fram til 1953, då ho blei lagt i opplag og seks år seinare selt. I 1981 blei Hitra funnen delvis under vatn i Sverige. Etter pengeinnsamling kom den på kjølen igjen, og har frå 1987 segla som museumsskip.

Det blei bygd 878 tilsvande skip. KNM «Hitra» er siste i sitt slag som går i nesten opprinneleg stand, og det einaste marinefartøyet frå andre verdskrig som framleis er i drift.

Lengde: 111 fot
Bredde: 18 fot
Framdrift: Frå 1999 2 stk. MTU 8V 183 TE 72, kvar på 550 hk.
Mannskap: 10 (tidlegare 20-25)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.