Siger i Bergen City Marathon

Erik Vaktskjold og Stein Kjetil Hefte vann kvar sine klassar i halvmaraton og maraton i går. Sjå fleire resultat av deltakarar frå Os.

F.v.: Erik Vaktskjold og Kari-Ann Vaktskjold etter halvmaraton i går. Stein Kjetil Hefte då han vann klassen sin i Linken Opp i fjor. (Foto: Privat/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. apr. 2017 09:47

Bildeserie:

Opptur Motbakkeklubb stilte med 22 deltakarar. Her er alle resultata.
1 av 1
Opptur Motbakkeklubb stilte med 22 deltakarar. Her er alle resultata.

Laurdag arrangerte TIF Viking årets Fjordkraft Bergen City Marathon, med stafett og ulike distansar.

Stein Kjetil Hefte sprang fullt maraton kom på 28. plass av 389 menn som fullførte, uavhengig av alder. Han vann klassen sin, menn 55 til 59 år, med tida 3:16:06.6.

Også Erik Vaktskjold, som fyller 16 år i morgon, vann klassen sin gutar 16-17 år med den sterke tida 1:24.55.3. Vinnaren av klassen over, M18-19, sprang på 1.27.

Det betyr at Erik var raskare enn alle under 20 år - før han fylte 16.

– Det var første gong eg deltok i Bergen City. Eg har løpt eitt halvmaraton før, i desember, men då disponerte eg kreftene feil. Denne gong gjekk det veldig bra, seier ein nøgd Erik til Midtsiden.

Han spring både motbakkeløp og på flat mark. Måndag vann han den 5 km lange Kalandskarusellen, no ser han fram til Ulriken Opp neste helg. I fjor blei det 2. plass i Løvstakken Opp og 3. plass i både Fløyen Opp og Gullfjellet Opp.

To 3. plassar

Begge dei to er frå Opptur Motbakkeklubb, som stilte med til saman 22 deltakarar.

Ingrid Reistad tok 3. plass i sin klasse (K23-34) på Thon 5 km med tida 24:31.

Alle dei andre 20 sprang BMW Halvmarathon der det, etter Vaktskjold, var Cecilie Hagen som fekk den beste plasseringa i sin klasse. Ho tok 3. plass i K40-44 med tida 1:34:09.6.

Raskast av alle frå Opptur på halvmaraton var Espen Rognsvåg, som kom i mål på 1:22:20.6, godt nok til 20.plass i den store klassen M23-34.

Også Hallvard Rosvold kom i mål på under 1,5 time, mens Ole Petter Matthiessen og Tore Sælen brukte 1.40 og 1.42.

Sjå full oversikt over alle frå Opptur i skjemaet over.

Noah på 5. plass i barneløp

Bergen City har òg eige barneløp, der dei frå 12 til 13 år blir rangert.

Noah Fredriksen, som fyller 12 år i år, kom på 5. plass i sin klasse etter 08:55.3 på 2 km lange Vestkanten Barneløp.

CK Henie og Sprek og Blid Os stilte med éin representant kvar:
35. Øystein Tveit (M40-45) 1:36:24.5 BMW Halvmarathon (CK Henie)
15. Anne Marit Sjeie (K50-54) 1:51:14.4 BMW Halmarathon (Sprek og Blid Os)

Sjå full resultatliste, Fjordkraft Bergen City Marathon 2017.

Fleire gode resultat av deltakarar frå Os? Tips oss på tips@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.