midtsiden

Siger med to av Vegard

Laurdag møtte Os Nest-Sotra i den fjerde treningskampen på ei veke. Det ble ein ny siger.

Av: Gjest

Målmessig var kampen ferdig i løpet av dei første 12 minutta. Då sto det 2–1 til Os. Den stillinga heldt seg kampen ut.

Nest-Sotra tok leiinga etter tre minuttar før Vegard Leikvoll Moberg utlikna til 1–1 etter ein Os-corner der det var mykje klabb og babb framfor Nest-Sotra-målet.

12 minutt ut i kampen blei Torkel Hjertnes felt innanfor 16-meteren og Os fekk straffe. Vegard Leikvoll Moberg satt den sikkert i mål.

Utover i førsteomgangen styrte Os kampen og skulle nok hatt fleire mål. Os hadde to–tre sjansar av den typen det skal bli mål av, men klarte ikkje å auka leiinga. Etter pausen fall kvaliteten noko og kampen blir ganske lik onsdagens kamp mot Fyllingen, med eit par tre gode sjansar til begge lag.

- Eg er nøgd med at spelarane tar rollene sine svært godt. Det gjer ikkje noko kven som er rundt dei, dei vet kva som er deira jobb, seier trenar Frank Hellevik.

- Men vi har enno mykje å gå på i forhold til presisjon og dei val spelarane gjer med ballen, fortsett Hellevik.

”Nytt” lag
Til kampen mot Nest-Sotra mønstra Os praktisk talt eit heilt nytt lag frå kampen mot Fyllingen. Vi har ei god breidde i troppen og når spelarane tar rollane sine så godt som dei gjer er det ei styrke for oss. Gutane er unge, men eg har tru på å sleppa dei til, avsluttar Hellevik.

Nest-Sotra – Os 1 – 2 (1 – 2)
Os sitt lag: Kjetil Hansen, Anders Glesnes, Dani Alvær Bergstø, Endre Brenne, Vegard Engelsen Moberg, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Tore Valvik, Christian Almeland, Torkel Hjertnes og Christer Olsen.

Byte: Espen Kolås for Christian Almeland (45 min), Erik Kanestrøm for Preben Borgen (45 min), Mats Lepsøe for Vegard Engelsen Moberg (45 min), Kristoffer Sande for Tore Valvik (65 min), Christian Almeland for Christer Olsen (65 min).

Fleire saker