Sport | 24. mars 2018

Siger og uavgjort i EM-kvalik

Ole Martin Kolskogen og det norske G17-landslaget i god posisjon før siste kamp i EM-kvalifiseringa.

Siger og uavgjort i EM-kvalik
Ole Martin Kolskogen, her i kamp for G15-landslaget, har starta begge dei to EM-kvalifiseringskampane (Foto: Thomas Brekke Sæteren/Fotball.no)
Andris Hamrelørdag 24. mars 2018 14:36

Det norske G17-landslaget speler eliterunden i EM-kvalifiseringa for G17-landslag i Hellas.

Onsdag opna dei turneringa med å møte gruppefavoritt Tyskland. Tidlegare Os-spelar Ole Martin Kolskogen starta kampen, men blei bytta rett før pause.

Fire minutt på overtid utligna Noreg til 2-2 og sikra med det ein god start på eliterunden.

– Det var utruleg godt å få den scoringa og det var heilt fortent at vi fekk den, fortalde landslagstrenar Gunnar Halle til fotball.no etter kampen.

– Vi fortente dette poenget. Vi hadde fleire sjansar enn Tyskland og gutta leverte ein veldig bra kamp. Lagmoralen var bra og dei gav aldri opp, sjølv om vi låg under to ganger.

Slo Skottland

Laurdag formiddag var Skottland motstander og dei norske gutane held fram med å levere bra.

Ole Martin Kolskogen spelte heile kampen.

– Det har regna mykje her, så det var ei tung og glatt bane. All ære til gutta som sto på heile vegen slik dei også gjorde i den første kampen. Vi blei betre og betre utover i kampen og fekk ein fortjent siger, seier Halle.

Skottland leia 1-0 til pause, men Noreg snudde kampen i andre omgang.

– Det blei ein krigekamp før pause. Vi låg bra defensivt og var godt organisert.

– Vi klarte å sette eit bra trykk på dei frå start av andreomgangen. Vi kom høgare med heile laget og fekk utligninga vi jakta på. Det var viktig. Etter den hadde vi godt grep om kampen og brukte ballen betre enn vi gjorde før pause. Skottland fekk ein spelar utvist eit kvarter før slutt og litt seinare tok vi leiinga.

Noreg vann 2-1 og møter Hellas tysdag i den avgjerande kampen. Gruppevinnaren og sju av åtte gruppetoarar går til sluttspelet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.