Kultur | 24. sep. 2012

Siger til Second Circuit

VIDEO: Etter ei vellukka band-battling kunne Samnagerbandet Second Circuit juble over spelejobb og studiotid.

Siger til Second Circuit
Second Circuit med Magnus Magnussen (15) på gitar og vokal, Håvard Loe (14) på bass og Vegard Lemme (14) på trommer vann Battle of The Bjørnefjord (foto: Mette Midtseter)
Andris Hamremandag 24. sep. 2012 11:27

Totalt 8 band frå kommunane Fusa, Samnanger, Stord og Os deltok på den fyrste Battle of the Bjørnefjord på Oseana på laurdag. Eit entusiastisk publikum var med å stemme fram vinnaren, i tillegg til ein fagjury, beståande av Paul Inge Vikingstad frå ORBO, Lennea Lyssand frå Made Management og Tor Ove Rennemo frå Playcom.

VIDEO: Nedanfor kan du kosa deg med vel 18 minutt frå Battle of The Bjørnefjord.

Varmar opp for Anja Elena

Etter ei nervepirrande ventetid vart det klart at Second Circuit hadde trukke det lengste strået. Bandet frå Samnanger består av Magnus Magnussen (15) på gitar og vokal, Håvard Loe (14) på bass og Vegard Lemme (14) på trommer. Dei karakteriserar musikken sin som ekte hard rock, og gutane skriv all musikken sin sjølv.

No kan dei sjå fram til ein ny opptreden på Oseana, allereie om 14 dagar skal dei vere oppvarmingsband for Anja Elena Viken på ein rusfri ungdomskonsert 5. oktober.

Høg kvalitet

2. plass gjekk til Fusa–bandet True West, medan 3. plass vart kapra av Rephrase frå Os.

-Vi er veldig nøgde med arrangementet, som var eit samarbeidsprosjekt mellom Oseana, Os Rockeklubb og Kultureininga i Os kommune, seier Janne Mari Hjelle frå Oseana.

-Det var høg kvalitet på banda som deltok, og ikkje minst var det kjekt at heile fire kommunar var representerte, seier Hjelle, som ynskjer å vidareføre suksessen også neste år.

-Vi håpar på å kunne etablere BoB som eit fast arrangement kvar haust, og at dette kan bli noko unge band i regionen kan jobbe fram i mot, seier Hjelle, som oppmodar ungdomen til også å få med seg neste ungdomsarrangement på Oseana.

- Second Circuit står på scena igjen 5. oktober kl. 20.00 i lag med Anja Elena Viken. Dette er eit rusfritt ungdomsarrangement, så vi håpar at mange legg turen innom.

Desse banda deltok:

Ondt i Hode (Os)
Second Circuit (Samnanger)
Rephrase (Os)
Abstractium (Os)
True West (Fusa)
Evolver (Stord)
Pink Disease (Os)
Inculter (Fusa)

VIDEO, 18:45 (Foto: Mette Midtseter): Sjå og høyr dei åtte banda i sving på Oseana laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.