Os Fotball A-lag | 19. juni 2022

Sigeren glapp i Oslo

Zlatan-skåring av Fosen, underkjent skåring av Sperrevik og raudt kort til Mikkelsen.

Sigeren glapp i Oslo
Corneren som Fosen flikka inn til 0-1-leiing. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. juni 2022 17:22

Os spelte i dag 11. serierunde borte mot Lokomotiv Oslo.

Os sitt lokomotiv, Roger Ekeland var åleine med keeper før Henrik Tysse Sperrevik skaut ballen i tverrligger og ned, eit skot som ikkje blei loggført som mål.

I opptak på Direktesport er det vanskeleg å sjå sjølve ballen, men gummikulene som sprett opp der ballen landa ser alle ut til å vera samla på innsida av målstreken.

Os gjekk likevel i føringa.

Niklas Lunde Fosen sto på første stolpe, der han vippa ballen frå hoftehøgde med utsida av hælen, over forsvar og keeper innanfor lengste stolpe til 0-1 i 25. minutt.

I forkant skaut Torgeir Lunde eit forsøk på klarering av corner i tverrligger, men denne spratt opp og ut, ikkje ned og inn.

9 minutt seinare utlikna heimelaget, og 1-1 sto seg kampen ut.

Lokomotiv Oslo - Os 1-1
Målskårar: Niklas Lunde Fosen
Tropp og kampfakta på fotball.no

– Det var nokre sjansar begge vegar, likevel kjennest dette ut som tap av to poeng. Lokomotiv Oslo framsto som eit lag vi bør slå, men vi kom aldri opp på nivået vårt skikkeleg i dag, seier Os-trenar Endre Brenne.

Dette var Os sin andre uavgjorte på rad, men fjerde utan tap.

Os blir liggande på 4. plass etter poengdelinga, takka vera at Grorud 2 på 5. plass tapte 3-2 borte for Lyn i dag.

Men avstanden til 1. plass auka frå 4 til 6 poeng.

Mikkelsen utvist

I 83. minutt hindra Marius Mikkelsen eit kontringsforsøk, i ein god Os-periode, og fekk raudt kort.

Dermed må kapteinen stå over neste seriekamp, som går heime mot serieleiar Lyn førstkomande laurdag.

Men i cupen kan han spela, så Brann treng ikkje føla seg for trygg i buss på veg over Vallaheiane onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.