Sport | 29. sep. 2018

Sigeren glapp i toppkampen

Lysekloster leia 2-0 over Sotra, men klarte ikkje å overta tabelltoppen.

Sigeren glapp i toppkampen
Hovland jubla etter straffeskåring. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. sep. 2018 20:41

Bildeserie:

Toppmøte i Lysefjorden. (Foto: KOG)
Toppmøte i Lysefjorden. (Foto: KOG)
Tett med folk under tørt tak. (Foto: KOG)
Tett med folk under tørt tak. (Foto: KOG)
1-0 ved Hovland i 24. minutt. (Foto: KOG)
1-0 ved Hovland i 24. minutt. (Foto: KOG)
Knut Spangelo Haga (th) frå Os speler no for Sotra. (Foto: KOG)
Knut Spangelo Haga (th) frå Os speler no for Sotra. (Foto: KOG)
Sigve Rørstad. (Foto: KOG)
Sigve Rørstad. (Foto: KOG)
Halv brasse av Østervold. (Foto: KOG)
Halv brasse av Østervold. (Foto: KOG)
Siste del av kampen var det mykje kriging. (Foto: KOG)
Siste del av kampen var det mykje kriging. (Foto: KOG)
Sotra utlikna i 71. minutt. 2-2 sto seg kampen ut. (Foto: KOG)
Sotra utlikna i 71. minutt. 2-2 sto seg kampen ut. (Foto: KOG)
1 av 8

Laurdag spelte Lysekloster på 2. plass heime mot serieleiar Sotra i femte siste runde av årets sesong. Oppgjeret i vår enda med 2-1-siger til Sotra.

Sotra leia med eitt poeng før kampstart, men såg i starten ut som om dei skulle gi frå seg topplasseringa.

– Målet var å pressa høgt og å ta kontroll på ballen. Det fekk vi til i fleire periodar, og eg er nøgd med både første omgang og delar av andreomgangen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster gjekk opp i 1-0 på straffe i 24. minutt, og auka til 2-0 tre minutt ut i andre omgang.

Skuffande baklengsmål

Sotra reduserte i 51. minutt og utlikna i 71. minutt.

– Begge baklengsmåla kom på dødball, og det blei for enkelt for dei. Det kjennest som om vi gir frå oss to mål og to poeng, det er skuffandefortviler Hetlevik.

– Etter 2-1-skåringa blei det mange duellar, kriging og dødballar.

Lysekloster - Sotra 2-2 (1-0)
Målskårarar, Lysekloster: Truls Hovland og Kristoffer Gunnarshaug
Tropp og kampfakta på fotball.no

Viktig poeng

Trass eitt poeng i staden for tre klarer Hetlevik å gle seg over akkurat dette eine poenget.

– Med tap i dag hadde vi hatt Sotra fire poeng framfor oss. Sånn det ser ut no, er det framleis ope. Det er fire kampar igjen, så det skal nok bli ein kamp heilt inn. Det ville det blitt uansett utfall i dag.

Fyllingsdalen ligg berre eitt poeng bak Lysekloster.

Lysekloster sine fire siste motstandarar i år er Øystese borte, Fyllingsdalen heime, Stord borte og Førde heime.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.