Sigeren glapp for Os 2
– Ein sur kamp å tapa, seier Fabian Bødtker. – Mykje positivt å sjå, synest Brenne.
Os 2 har starta serien i ny divisjon (4. div.) med 0-0 mot Frøya og 3-0-tap for Varegg borte. I kveld tok dei imot Trott, som kom på 6. plass i Os A-lag si naboavdeling i fjor, og som har slått Bremnes 2-1 og Solid 4-3 i sine første kampar for sesongen.
Det blei ein kamp med høgt tempo, greit med sjansar til begge lag, men Os 2 endte med null poeng.
Os 2 - Trott 3-4 (2-2)
Målskårarar, Os 2: Niklas Lunde Fosen, Fabian Bødtker og Vegar Solstrand Ludvigsen.
Heimelaget, støtta av store delar av årets russekull, starta bra og gjekk i føringa to gongar.
1-0 blei til 2-1 og 2-2 til pause. Gjestane overtok leiinga på corner, men Os 2 utlikna. Så kom nokre glippar bak, og ballen trilla forbi heile forsvarsrekka til ein Trott-spelar som fekk ein enkel jobb med å sikra full pott.
– Dei to første kampane var på same måte. Vi lykkast med mykje av spelet vårt, men eg synest vi får litt dårleg utteljing, og at vi kunne skapt noko fleire sjansar, seier 2-1-skårar Fabian Bødtker.
Sjølv var han nær skåring på 3-3-leiing, men keeper klarerte og mens Niklas Lunde Fosen sette returen i mål blåste dommaren for angrep på keeper.
To andre frå A-stallen, Kristoffer Røttingen og Steffen Kvamsdal, hadde òg to rundar med fint forarbeid av Røttingen, men med skot frå vanskeleg vinkel for Kvamsdal.
– God utviklingsarena
Trott tok full pott og toppar no tabellen åleine med 9 poeng.
– Det er surt å tapa etter å ha leia to gongar, og etter å ha spelt bra og jobba hardt gjennom heile kampen, synest Bødtker
A-lagstrenar Endre Brenne fekk med seg kampen frå tribunen.
– Eg har sett alle dei tre første kampane. I dag blei det eit surt tap, men eg synest det er mykje positivt å sjå blant spelarane.
– Vi stiller ungt, og dette er ein god utviklingsarena, eit godt stykke opp frå 5. divisjon, der fleire kampar nærmast var avgjort etter ein halvtime. Her møter ungdomane våre gode spelarar, men er modige i spelet og tøffe i stilen. Eg gler meg over måten dei speler på, og ser fleire som bankar på A-lagsdøra, seier Brenne.
Os 2 speler neste kamp på bortebane mot Djerv. Djerv har 4 poeng etter sine tre første kampar.