Sigeren glapp på overtid
Utvising og straffe i sluttminutta.


Lysekloster sto med 6 kampar på rad utan tap og 4 sigrar på rad før dei snubla og tapte 0-2 borte for Brattvåg førre helg.
Onsdag gjorde dei god figur i NM, der dei leia over Aalesund, men tapte 1-3.
I dag var det heimekamp i serien, og no såg dei ut til å vera tilbake på vinnarsporet.
Thorstein Hildal sendte Lysekloster i leiinga rett etter pause.
1-0 sto seg tida ut, men ikkje kampen ut.
På overtid blei Nicholas Martinussen utvist. Træff fekk straffe – og trefte.
Dermed enda det 1-1.
Med siger ville Lysekloster lagt fem poeng bak 3. plass. No ligg dei på 6. plass, fire poeng frå avansement til 5. plass.
Også neste kamp går heime, mot serieleiar Sandnes Ulf førstkomande laurdag.
- Tabell på fotball.no





