Sport | 08. okt. 2014

Sigersrekka held fram

Handballherrene til Os held fram den gode seirestarten. Tysdag kveld blei BI slått 27-22.

Sigersrekka held fram
Joakim Blostrupmoen blei toppskårar med 8 mål mot BI (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 08. okt. 2014 10:18

Etter å ha banka Norrøna med 12 mål i førre seirerunde, var det knytt spenning til korleis det unge Os-laget ville klare seg med nesten like unge økonomistudenter frå BI.

Dei to laga følgde kvarandre tett gjennom førsteomgangen og gjekk til pause på stillinga 13-12 til Os.

– Første omgangen er godkjent.

– Vi står bra bakover og slepp inn berre 12 mål. Framover kasta vi vekk for mange ballar, fortel Ostrenar Kenneth Husebø.

Hans stengde

Hans Bruntvatne, som hadde komt inn i mål omlag midtvegs i 1. omgangen, hadde tydelegvis bestemt seg for å gjera sitt for at bortelaget skulle ta heim sigeren.

Keeperveteranen, gamal nok til å vera far til fleire av medspelerane, stengde like greit buret i store delar av omgangen og var ein viktig bidragsytar til at Os kunne gå frå 13-12 til pause til 17-12 i løpet av kort tid.

– Hans står bra i dag og er god.

– Saman med eit godt forsvar gjev det oss gode kontringsmoglegheiter.

– I tillegg er vi meir disipilinerte framover på banen.

– Vi gjer ting enkelt og held oss til dei faste avtalene. Dei fungerar når vi gjer det skikkelig, konstanterer Husebø, som gler seg over at feilprosenten framover på banen gjekk ned i 2. omgangen.

Med sigeren mot BI tek Os tilbake tabelltoppen etter siger i tre av tre kampar. Sundag spelar Osherrane heimekamp mot Stryn kl 1330 i Oshallen.

BI-Os 22-27 (12-13)
Utv: BI 4x2 min, Os 4x2 min
Os sitt lag: Trygve Lerch Dahl (2), Mats Berge Brunvatne, Hans Brunvatne, Fredrik Andresen (1), Andreas G. Sennesvik, Joakim Blostrupmoen (8), Ove Lyssand (2), Håvard Bjørnør, Isak Røen (7), Sivert Drange (1), Stian Lepsøy, Nils Hamre, Jørgen Engelsen, Jørgen Wold (5).

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.