Sport | 19. jan. 2026
Sigersrekka held fram
Tok sin fjerde strake siger.


Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. jan. 2026 10:56
Nore Neset/Os starta førre helg 2026 med 17-målssiger over Sund.
I går vann dei over Tertnes på bortebane.
I motsetnad til dei føregåande kampane, der Nore Neset/Os har starta svakt, for så å snu kampen, var det denne gong beine vegen til full pott.
Frå 3-3 drog dei ifrå til 8-3 og leia 12-6 til pause.
Kampen enda 27-17 til Nore Neset/Os.
Mats Berge Brunvatne blei toppskårar med 9 mål, Jørgen Lerch Dahl skåra 5 mens både Sondre Midtbø og Matiss Andersons skåra 4.
Nore Neset/Os sin neste kamp går borte Mathopen/Kjøkkelvik 2, eit lag som kan yta sterkare motstand.
I alt gjenstår fem kampar, to av dei på heimebane.
- Tabell og terminliste på handball.no





