Sport | 14. nov. 2012

Signerer ikkje ny kontrakt

Tim Henrik Sperrevik held ikkje fram som trenar for Os, men ny hovudtrenar er på plass.

Signerer ikkje ny kontrakt
Tim Henrik Sperrevik fornyar ikkje trenarkontrakten med Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2012 08:48

Tim Henrik Sperrevik, som la opp som spelar etter 2010-sesongen, trente gutelaget og seinare juniorlaget før han hausten 2011 overtok A-laget etter Øyvind Steffensen.

No, etter eitt år som trenar, gjev han stafettpinnen frå seg.

– Eg hadde kontrakt i eitt år og er ikkje innstilt på å ta eit år til, seier Tim.

– Nye krefter bør overta

Både Sperrevik og sportsleg leiar i Os Turn Fotball, Roald Stigen, seier det ikkje er noko dramatikk eller konflikt som er årsaka til at Tim ikkje vil halda fram med.

– I fjor på denne tida overtok eg ei sliten gruppe etter ein tung sesong. Andrelaget hadde rykt ned og fleire spelarar hadde hatt litt for mange arenaer, gut, junior og andrelag.

– Men vi fekk samla troppane og gutane løfta seg. Det blei etterkvart ei veldig god stemning i gruppa og vi fekk ein eventyrleg start på sesongen.

Trass i juniorgruppa blei tatt inn i A-stallansvaret og viktige spelarar som Håvard Grøteide og Egil Thuen blei skadd tidleg i sesongen heldt Os seg på førsteplass fram til ferien.

– Hausten byrja vi å merka litt slitasje på den litt tynne stallen og då det butta imot i dei første kampane var vi plutseleg ikkje 100 prosent lenger.

Os landa på 4. plass på tabellen.

– Men stemninga er framleis god og spelarane har utvikla seg veldig bra. Eg meiner nye krefter bør inn for å ta dette vidare, seier Tim.

Tore Nielsen blir hovudtrenar

Søftelendingen Tore Nielsen, som var assistenttrenar under Frank Hetlevik og det siste året, under Sperrevik, overtar som hovudtrenar.

Nielsen har vore med på fleire opprykk, det doble opprykket til Os i 2009, å halda Os 2 på øvre del av 3. divisjon i 2010 og som hovudtrenar opprykk til 3. divisjon med eit ungt Bergen Nord-lag.

I tillegg kjem årets opprykk med Os 2, spelarar som Nielsen saman med Sperrevik har hatt i trening.

– Eg har hatt gleden av å vera med Frode Øye og Terje Kvittingen på ein del kampar med årets Os 2 og juniorlaget, som no speler Lagunen Fotballfest. Eg kjenner dessutan gutelaget og trenar Bjørn Mjelva godt og har stor tru på det som no veks fram av spelarar i Os, seier Tore.

Før helga takka han ja til å bli hovudtrenar. Helga brukte han til å ringa kvar enkelt spelar på A-laget og i går var han på treninga til Os 2/juniorgruppa for å informera.

– Tim gjorde ein fantastisk jobb med spelargruppa, både med miljøet og sportsleg. Eg vil halda fram mykje i same stil og får heldigvis med meg fleire frå trenargruppa vidare, blant anna keepertrenar Ketil Elvenes.

Nielsen vil no jobba med å finna assistenttrenar. Han seier han har ein kandidat høgt oppe på ønskjelista, men førebels er ikkje alt bestemt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.