Sport | 05. mars 2016

Signerte med Lysekloster

Ken Joar Føyen blir med og styrkar Lysekloster i ny divisjon.

Signerte med Lysekloster
Ken Joar Føyen går frå Solid til Lysekloster før 2016-sesongen. Han har tidlegare spelt for Sogndal 2 og Stord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. mars 2016 08:43

Angrepsspelar Ken Joar Føyen (22) har signert toårskontrakt med Lysekloster.

Føyen var ein av dei nye spelarane Lysekloster testa i treningskamp 2. februar, og den einaste av desse som har blitt aktuell.

Han var med og rykte opp til 2. divisjon med Stord for nokre år sidan og har seinare spelt for Sogndal 2 før han no går frå Solid til Lysekloster.

Få nye etter opprykket

Utanom comeback av Steffen Finsådal og keeper Ole Christian Olsen frå Gneist tidlegare i vinter er Føyen første nysignering etter opprykket.

– Vi har vore mest opptatt av å halda på flest mogleg av dei som spelte mykje i haust, og vi har klart å halda på alle, seier trenar Ørjan Sandal.

Av spelarar som ikkje er med Lysekloster i år er Preben Skorpen (har lagt opp), Johannes Jordal (var skadd i fjorårssesongen), Øystein Takle Eide (tilbake til moderklubben Os) og keeper Kjetil Hansen (Varegg).

Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.