Kultur | 01. juli 2009

Signerte med Sony!

ORBO signerte tysdag kontrakt med Sony Music, og Kurt Nilsen står for produksjon av albumet som kjem til hausten.

Signerte med Sony!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juli 2009 07:28

Bildeserie:

1 av 1

Tysdag signerte Ole Reinert Berg Olsen platekontrakt med giganten Sony Music. Med det hamnar ORBO på same label som Kurt Nilsen, Bjørn Eidsvåg, Maria Mena og drøye 10 andre norske artistar.

- Det har gått fort. Dei fekk høyra demoen vår for tre veker sidan, og då blei dei heilt gira, fortel ein strålande nøgd Ole til midtsiden.no.

Då han onsdag skreiv under kontrakten kunne Sony samstundes opplysa at singelen var sendt til P1 og lista allereie. I dag blir den sendt til dei andre radiokanalane.

Nilsen produserer
I fjor bestilte Kurt Nilsen si kone Kristin ein spesiell presang til 30-årsdagen til musikaren frå Arna; ein konsert med ORBO.

- Ho hadde lokka han med seg på konsert med oss ein gong tidlegare, og han fekk visst eit kick av det. På bursdagsfesten bestemte vi oss for å gjera noko saman, fortel ORBO.

Medan ORBO & The Longshots har spelt inn dei tre andre albuma i USA, gjekk turen no til Maurset og gitarhytta til Kurt. Der har han nemleg studio. Innimellom plateinnspeing hadde dei konsert saman på Madam Felle, og Kurt stilte også opp i Fjellheim då ORBO heldt gratiskonsert etter å ha vunne Spellemannsprisen.

- Det meste er spelt inn på hytta til Kurt, noko er spelt inn heime hos han, heime hos meg, i Oslo og hos Eirik Grønner på Sotra. Grønner, som også produserer for Kurt, blir medprodusent.

- Gode tjommier
I dagens Bergens Tidende seier Kurt at ORBO & The Longshots har noko erkeamerikansk over seg som han diggar.

- Bandet har ei ungdomeleg speleglede i seg (...) dette er eit band som leverer kvar gong, seier Nilsen.

Han utelukkar heller ikkje at dei kjem til å samarbeida vidare.

- Eg og Ole har snakka om å skriva litt saman utover hausten, og då kan mykje skje, trur Kurt Nilsen.

Litt miksing står igjen før albumet er ferdig, men den første singelen blir snart å høyra på radio. Denne kjem i hyllene like over sommarferien.

Både ORBO & The Longshots og Kurt Nilsen er aktuelle for Tysnesfest 9. til 12. juli. Kurt saman med Fuentes, Holm og Lind. Andre artistar frå Os kjem det også til Våge denne helga, nemleg tributebandet Red Hot Cherry Poppers.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.