Lokal | 04. juli 2020

Sikker ferie: Skal dela ut informasjon og utstyr

Brannvesenet med initiativ til tverrfagleg kampanje.

Sikker ferie: Skal dela ut informasjon og utstyr
(Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. juli 2020 10:47

Bjørnafjorden brann- og redningsteneste har fått med seg politi, ambulanse, Redningsselskapet og Bergen og Omland Friluftsråd for å forebygga i inngangen på årets ferie.

– Fleire skal feriera heime i år, og vi vil retta fokus på tryggleik i alt frå telt, bubil og campingvogn, til ferdsle og overnatting i båt, seier leiar for forebyggande arbeid i Bjørnafjorden brann- og redning, Martin Østgulen Svendsen.

– Vi vil ut og møta folk, og skal blant anna på sjøen saman med Redningsselskapet for å oppsøka populære plassar.

Fem einingar møtte for å fremja bodskapen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fem einingar møtte for å fremja bodskapen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Saman med ny, lokalt uforma brosjyre, vil brannvesenet dela ut 92 brannsløkkeapparat og 120 røykvarslarar - både via konkurransar på Facebook og når dei er ute i felten for å informera.

– Det er for eksempel påbode med røykvarslarar i campingvogn, men ikkje bubil. Vi anbefalar røykvarslar alle stadar der du overnattar.

– Vi vil ha ekstra fokus på båtfolk. Anten du er midtfjords eller ligg side om side med andre båtar og søv, kan tidleg varsling og rask sløkking vera livreddande.

I går møtte alle dei involverte einingane på kaien utanfor Peppes i Os hamn. To av dei, ambulansen og Redningsselskapet, måtte rykka ut med det same, Redningsselskapet til ein båt med motorstopp, som fekk hjelp etter tre minutt.

Lokale krefter, f.v.: Aleksandra, Marius, Hans Marius, Martin, Sindre og Sveinung. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokale krefter, f.v.: Aleksandra, Marius, Hans Marius, Martin, Sindre og Sveinung. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Politiet: Låg fart på land - promille på sjøen

Frå Bjørnafjorden lensmannskontor stilte Sindre Lekven Hallem. Han gler seg over initiativet til brannvesenet, og kjem med to oppmodingar til årets heimeturistar.

– Køyrer du bubil eller campingbil, og ikkje klarer å halda fartsgrensa, slepp forbi. Det er straffbart å hindra normal trafikk.

Hallem har sjølv stått med laser og målt bilist i 30 km/t i 80-sona. Det var ei dame som såg etter fine blomar å plukka i vegkanten.

Sindre Lekven Hallem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sindre Lekven Hallem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– På sjøen har vi inntrykk av at folk er usikre på promillegrensa. At den er 0,8, i staden for 0,2, gjer kanskje at folk drikk for mykje.

Han presiserer at kor høg promille du får er individuelt, men at ein stor mann normalt får rundt 0,2 i promille av éi eining, for eksempel 0,33 liter øl. Ei lita kvinne kan få det dobbelte, 0,4 av éi øl eller eitt glas vin.

– Om sommaren ser vi òg ein del dagen derpå-promille. Anten du har sete på bubilplassen, båten eller rundt eit leirbål, pass på at du er edru og utkvilt før du køyrer neste dag.

Redningsselskapet: 40 prosent auke i år

Redningsselskapet kom til Os med redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen II. Det korte oppdraget på fjorden resulterte i slep tilbake til Os hamn, og mannskapen kunne delta vidare på møtet med pressen.

– På landsbasis har vi hatt ei auke i oppdrag på 40 prosent til no i år. Det er ikkje positivt at mange treng hjelp, men vi ser likevel lyst på det. Dette er eit teikn på at mange koser seg på sjøen, seier skipsførar Knut-Even Rislaa.

Skipsførar Knut-Even Rislaa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skipsførar Knut-Even Rislaa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Mens vi sto på kaien tikka det inn ein meir dyster statistikk via Twitter; 15 personar drukna iNoreg i juni. Tre av desse var under 18 år. Så langt i år har 45 personar drukna, av desse er det 40 menn og 5 kvinner.

– Eit generelt råd frå oss er å løfta blikket litt, anten du driv med bading eller køyrer båt. Ver merksam og varsam!

– Har du båt, pass på at du har kunnskap, ver audmjuk. Og ta naudsynt vedlikehald og service, så reduserer du faren for tekniske problem.

Røde Kors: Fjellvett om sommaren?

Os Røde Kors er òg med på kampanjen. Marius Bøe stilte på kaien og fortalte om typiske farer for hans fagområde sommarhalvåret.

– Badande og båtfolk bør repetera både utstyr og rutinar for livreddande førstehjelp. Om uhellet er ute, kan det vera avgjerande at nokon handlar raskt og korrekt.

Marius Bøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marius Bøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Elles er det mange som går fjelltur, og som gjerne prøver seg på nye fjelltoppar. Hugs at fjellvettreglane gjeld om sommaren òg.

Å feilberekna kor lang turen blir, å undervurdera risikoen for at vêret skiftar eller å ha med seg for lite klede og mat - kan føra til at du treng hjelp til å koma deg trygt heim.

Å sitja sliten, kald og svolten, i skodde, utan dekning på mobiltelefonen, er inga god kjensle.

– Meld ifrå kvar du går og kor tid du reknar med å vera ferdig med turen. Hugs òg at det ikkje er ei skam å snu.

BOF: Trygg i telt?

Bergen og Omland Friluftsråd er å rekna som vertsskap for mange av årets heimeturistar. Dei legg forholda til rette for gjestar ved fleire fine naturområde, spesielt ved sjøen.

– Mange av gjestane våre driv med grilling, og overnatter i telt eller båt, seier Sveinung Toppe.

– Vi set pris på initiativet, og deltar gjerne i å spreia informasjonen til dei som bruker områda våre.

Initiativtakar Martin Ø. Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Initiativtakar Martin Ø. Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.