Joakim Blostrupmoen skåra tre mål i dag. Det siste blei avgjerande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sikra 2 poeng 3 sekund før slutt

Os slo Sogndal etter å ha lagt under frå 6. speleminutt.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os avslutta hausten med to uavgjorte og ein knapp siger. Sist herrelaget spelte kamp var 14. januar. Det var òg sist dei var borti ein handball.

– Hadde vi trent så hadde vi vunne avdelinga og rykt opp, det er eg sikker på. Det var ein dårleg kamp av oss, vi gjer mykje feil og får mange kontringar mot oss. I dag vinn vi på vinnarvilje, seier spelande trenar Alexander Heggø.

Os - Sogndal 26-25 (12-13)
Os: Einar Godø, Alexander Heggø 8, Isak Røen 7, Jørgen Wold 7, Joakim Blostrupmoen 3, Fredrik Andresen 1, Øyvind Heggø, Nils Andris Hamre, Sondre Midtbø, Daniel Røen og Bendik Oen.
2 minutt: Heggø og Hamre

Os leia 2-1, hamna under i 6. minutt, var ajour i 25. minutt og hadde ballen då det sto 30 sekund igjen.

Stillinga var 25-25. (Artikkelen held fram under videoen)

Os brente to 7-meterar i 1. omgang. 5-9 var det meste dei låg bak før pause, i 2. omgang var Os 3 mål bak på 16-19 og 20-23.

Så, i avgjerande fase av spelet (stillinga 23-24) redda Einar Godø straffe. Os utlikna til 24-24 og 25-25 før Joakim Blostrupmoen skåra sigersmålet 3 sekund før slutt. Gjestane brukte timeouten sin, men rakk ikkje meir enn ein langpasning i løpet av dei siste to sekunda av kampen.

Os mangla Trygve Lerch Dahl og hadde lånt med seg Daniel Røen, storebror til storskårar Isak.

– Eg har ikkje spelt på sju år, men det var kjekt å vera med, seier Daniel etter kamp.

Os ligg no på 5. plass 1 poeng frå 3. plass, 3 poeng bak BSI og Gneist på topp.

Neste kamp går borte mot NHHI på 8. plass på tabellen.

Vil opp i treningsmengde

Heggø varsla to løpeøkter i veka ut sesongen.

– Det blir spennande å sjå kor mange som dukkar opp. Kjem det éin så er eg nøgd, då har eg i det minste nokon å løpa med.

– Vi skulle hatt større stall, at det var konkurranse om plassane. Då trur eg fleire hadde vist vilje til å trena, seier Alexander.

Fleire saker