Sport | 28. sep. 2018

Sikra opprykk på bursdagen sin

Vy Mai Nguyen skåra sitt mål nummer 19 og 20 - dagen ho fylte 21.

Sikra opprykk på bursdagen sin
Vy Nguyen, her i førre heimekamp, skåra to mål på bursdagen sin i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. sep. 2018 06:56

Bildeserie:

Jubel etter at dei overtok tabelltopp for tre veker sidan. (Privat foto)
Jubel etter at dei overtok tabelltopp for tre veker sidan. (Privat foto)
1 av 1
Jubel etter at dei overtok tabelltopp for tre veker sidan. (Privat foto)

Os/Nore Neset sitt damelag sikra i går opprykk til 3. divisjon med 0-4-siger borte over NHH!

– NHH var langt frå ufarlege. Dei var skumle på overgangar og skapte situasjonar både før og etter pause som kunne ført til skåring, seier trenar Stian Kvåle.

Men Os/Nore Neset heldt nullen, tok leiinga midt i andre omgang og auka på etter pause.

– Vy, som hadde bursdag i går, sette inn 1-0 midt i første omgang etter ein fin pasning i bakrom av Malin Solstrand Ludvigsen.

Michelle Askvik Gassmann auka til 2-0 i 60. minutt, også ho åleine med keeper.

Vy skåra 3-0-målet fem minutt seinare, hennar 20. for sesongen, og Malin sette siste spiker i kista i 72. minutt.

Nguyen er den som har skåra nest mest for Os/Nore Neset denne sesongen, Vilde Drange Veglo har skåra 23 mål.

Har to kampar igjen

Damelaget sikra opprykket to rundar før slutt. Dei har til no vunne 12 av 14 kampar, har ingen uavgjorte og heile 58-13 i målforskjell.

Begge dei siste kampane går mot Krabbetor, som ligg på 2. plass på tabellen, 8 poeng bak Os med 2 kampar mindre spelt.

– Sjølv om vi klarer oss med 2. plass, held vi naturlegvis fokuset oppe for å vinna også dei siste to kampane, og for å vinna serien.

Grunna baneforhold blir begge kampane spelte på Kuventræ, den første no på tysdag.

Damelaget er eit av tre seniorlag i Os som kan rykka opp i haust, herrelaget kan sikra opprykket på heimebane i morgon, laurdag.

Første gong på 10 år

Når Os i 2019 skal spela i 3. divisjon er det 10 år sidan sist, ifølge informasjon Kvåle har klart å leita fram.

– Kva veit du om nivåforskjellen mellom dagens 4. og 3. divisjon?

– Eg trur ikkje den er så stor som på herrefotball. I vinter spelte vi to treningskampar mot lag frå 3. divisjon, den eine vann vi 2-0, den andre tapte vi 0-1.

– Trener du damelaget også neste år?

– I utgangspunktet gjeld avtalen for denne sesongen, men eg trivst godt og held nok fram om klubben vil ha meg vidare. Det er ein flink, lærevillig og munter gjeng, eg trivst veldig godt i trenarrolla, seier Kvåle.

På topp i 1982 og 1998

Ifølgje jubileumsboka som kom ut i 2005, då Os Turnforening fylte 100 år, vann Os sitt første damelag både serien og kretsmeisterskapen det året Hordaland fotballkrets innførte damefotball på programmet, i 1976.

I 1982 spelte laget, leia av Egil Hodneland, i 1. divisjon.

I 1998 spelte Os òg i 1. divisjon, tre år etter innføring av Toppserien, altså på nest øvste nivå. Laget heldt seg, men måtte trekka seg grunna spelarmangel året etter.

Frå 1999 til 2006 var Os Turnforening utan kvinnelag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.