Sikta for grovt ran av ung jente på Søfteland

Politiet meiner guten brukte kniv då han gjennomførte ranet torsdag kveld.

Det grove ranet skal ha skjedd på området til Søfteland barneskule torsdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. aug. 2019 13:09

Ein 17 år gamal gut er sikta for grovt ran på området til Søfteland barneskule torsdag kveld.

Guten blei pågripen og framstilt for fengsling fredag formiddag, skriv BT.no.

Offeret skal vera ei 15 år gamal jente.

– Eg kan stadfesta at det har vore ein episode, men vi kjem førebels ikkje til å kommentera saka, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal til Midtsiden.

Det er politiadvokat Alexander G. Sele som har uttalt seg til Bergens Tidende. BT kjenner til at sikta er same person som er tiltalt for å knusa 25 ruter på ein skule i Fana tidlegare i år.

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i Sele.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.