Skyting | 15. juni 2022

Sikta og trefte - 35 gongar på rad

Celine Daviknes Hårvik har blitt medlem av den eksklusive 350-klubben.

Celine Daviknes Hårvik, her tilbake i Jondal på Hordastemna i helga, på banen ho skaut 350 søndag 1. mai. (Foto: Jarle Harkestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juni 2022 08:40

Os Skyttarlag, som i helga gjorde det sterkt med fleire sigrar i Hordastemna bane i Jondal, fekk tidlegare denne våren eit nytt medlem i den eksklusive 350-klubben.

Celine Daviknes Hårvik, som fyller 17 år i år, vann klassen sin i 1. maistemna framfor lagkamerat Daniel Myklebust Fjellstad på 2. plass.

(Resultatliste: dfsgrasrot.no)

Poengsummen var ikkje noko å seia på, Celine skaut 35 tiarar på rad.

– Celine har hatt veldig god utvikling før årets sesong, det var veldig kjekt at 350-klubben fekk eit nytt medlem frå Os, seier Jan Kristian Evensen frå Os Skyttarlag.

Han er ein av instruktørane i skyttarlaget.

– Dette er ikkje noko som skjer i skyttarlaget vårt kvart år! legg han til.

Det er likevel berre eitt år sidan sist. Tiril Korsvold Nagel skaut 350 på Stord i fjor sommar.

I relaterte saker under ser du fleire lokale medlemmar av 350-klubben.

Tiril i midten med blå jakke. (Foto: Privat)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.