Sport | 12. aug. 2013

Simen og Fredrik kapra plassane

Brann hadde to ledige plassar på B-lista. I dag er det klart at to talent frå Os tok begge plassane.

Simen og Fredrik kapra plassane
Fredrik Heggland (t.v.) og Simen Helland Lassen fekk måndag morgon gladmeldinga; begge er på B-lista, tilgjengeleg for A-laget utover haustsesongen. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. aug. 2013 07:43

– Eg føler eg har gjort det greit i det siste og har veldig lyst å koma inn i denne gruppa, sa Simen Helland Lassen til Midtsiden fredag, etter at han torsdag skåra sitt første mål for Brann 2.

Før overgangsvinduet stengte natt til måndag blei ei ny B-liste med unge Brann-gutar sendt inn til NFF. Spelarar på lista kan brukast i inntil tre Tippeliga-kampar utan proffkontrakt.

– Det er ikkje anna å seia enn gratulerer til Os, seier Brann 2-trenar Helge Nilsen.

Tok begge dei ledige plassane

Dei to osingane Simen Helland og Fredrik Heggland, som gjekk frå Os til Brann i vinter, kapra nemleg dei to ledige plassane.

Frå lista i vår er Lars Kallevik og Håkon Lorentzen ute. Kallevik gjekk til Fyllingsdalen, Lorentzen har signert proffkontrakt med Brann og treng derfor ikkje stå på lista for å vera tilgjengeleg.

Her er Brann si B-liste for hausten 2013:

Ådne Nissestad, keeper, fødd 18.11 1995
Simen Lassen, midtbane, fødd 14.4 1994 (ny)
Andreas Vindheim, forsvar, fødd 4.8 1995
Kjetil Kalve, midtbane, fødd 10.3 1994
Fredrik Heggland, forsvar, fødd 09.11 1995 (ny)

Heggland fekk beskjed på mobilen

– Eg visste det ikkje før det tikka opp varsel frå Brann.no på mobilen min i dag tidleg, seier Fredrik.

Bortsett frå ein kort periode etter eit overtråkk på forsommaren, der han sto over nokre kampar, har Heggland spelt så å seia alle speleminutta for Brann 2.

– Eg har lært mykje og synes dette første halvåret i Brann har vore veldig kjekt.

– No står det mykje hard jobbing igjen, men dette var veldig gøy, eit steg i rett retning, seier den sterke og raske midtstopparen frå Os.

Les òg: To nye inn på B-listen (brann.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.