Sport | 04. apr. 2011

Simen skåra på svenskane

Velluka leir i Danmark: Simen Lassen skåra sitt første A-lagsmål då Os vann over svenske Kone. Onsdag er det NM-kvalik mot Bjarg.

Simen skåra på svenskane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. apr. 2011 12:00

Os sitt A-lag var på treningsleir i København frå torsdag til søndag. Laurdag reiste dei over til Sverige for å spela treningskamp mot Kone.

- Kone ytte ikkje så stor motstand, dei speler på det som tilsvarar 4. divisjon i Noreg. Men det var lovande frå vår side likevel, med tett forsvar, fint banespel og mange store sjansar, seier Tore Valvik.

Os leia 3-0 til pause og stillinga sto seg kampen ut. Valvik meiner Os fint kunne ha vunne med minst dobbelt så mange mål.

- Ungdomane våre turte å spela langs bakken og vi skapte mykje, dette var ei fin gjennomkjøring før NM-kvalik og seriestart.

Ramo Racic skåra to av måla, unge Simen Lassen skåra sitt første for A-laget så han også putta.

God tur med gode ungdomar

Trenar Øyvind Steffensen er veldig nøgd med treningsleiren, både sosialt og sportsleg.

- Vi fekk oss ei økt torsdag kveld, to økter fredag og ei økt før kamp laurdag. Banen var ikkje fantastisk, men var nok ganske lik dei gramattene vi skal spela på i vekene som kjem.

Steffensen hadde med seg fleire unge spelarar til Danmark, og er imponert og utviklinga til gutar som Mats Lepsøe, Erik Kanestrøm, Frode Øvredal, Simen Lassen, Fredrik Heggland og Johannes Jordal.

- Det blir nok mykje speletid på desse i år, spår han.

I tillegg var desse med på treningsleiren: Kjetil Hansen, Anders Strønen, Dani Bergstø, Per Søgnen Merai, Tore Valvik, Christian Almeland, Torkel Hjertnes, Martin Eidsvik, Preben Borgen, Ramo Racic og Christer Olsen.

Frode Buvik og kaptein Stian Lunde hadde ikkje høve til å vera med.

I trenateamet hadde Øyvind selskap av Asbjørn Bergstø og Ketil Elvenes.

Sesongstart onsdag - seriestart laurdag

Onsdag startar sesongen for Os med kvalifisering til NM på bortebane mot Bjarg.

Serien (3. div. avd. 7) startar for Os sin del med bortekamp mot Stord laurdag 9. april (kl 16). Første heimekamp blir laurdag 16. april mot Sotra (kl 16).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.