Sport | 10. nov. 2011

Sindre får gå verdscup

Sindre Henriksen (19) er tatt ut til å gå juniorverdscup i Tyskland.

Sindre får gå verdscup
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2011 08:54

Sindre Henriksen er blant fem gutar som er tatt ut til å gå juniorverdscup i Erfurt 12. og 13. november.

– Han var uheldig og ramla på både 1000- og 1500-meteren i NM i enkeltdistansar, men han hadde gode tider før fallet, seier landslagssjef Jarle Pedersen.

Sindre bur i Bergen, men er halvt osing. Mora, Jannicke Monsen, er som store delar av familien til Sindre, frå Os.

Sindre er same kull som Sverre og Håvard, 92-årgangen.

– No ser vi at han har noko på gang, så det skal bli spennande å sjå korleis han gjer det i Tyskland, seier Pedersen.

Medan Sindre går juniorverdscup er Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen på verdscupopning for senior i Russland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.