Skyting | 11. juli 2022

Sindre Skoglund vann elgbane-NM på Os

Os Jakt og Fiskelag fekk ei fin avslutting på ei vellykka veke som arrangør.

Det blei jamt og det var omskyting i finalen. Der sikra Sindre sigeren. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. juli 2022 12:29

I hjortekommunen Bjørnafjorden har Os Jakt og Fiskelag førre veke vore vertsskap for elgbane-NM. Parallelt har NM jaktfelt gått på Ulven.

Vi var innom torsdag, og var heldige som fekk vera med leiaren i NJFF på standplass.

Knut Arne Gjems på ståande fast skive, før elgen byrja å gå på skjener. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSjefen sjølv kom til Os for å delta i elgbane-NM

Laurdag var det finaledag.

Der stakk Sindre Skoglund frå Kroken JFF av med sigeren i jegerklassen og noregsmeistertittelen ved å skyta full pott (150 poeng) i omskyting med Kjetil Jr. Eskeland frå Gjerstad JFF.

– Eg er hovudsakleg hagleskyttar, men skyter elg fordi eg deltar i nordisk jaktskyting, sa den nybakte noregsmeisteren til Jakt & Fiske, etter at sigeren var i boks.

I Os Jakt og Fiskelag sitt klubbhus, var det tett med folk og god stemning dagen gjennom. Her frå Sindre si stødige skyting på løpande elg:

Beste dame på Os blei Kaja Eriksen frå Sauherad SL JSK, mens Leander Rosvoldaune frå Leksvik JFF stakk av med juniortittelen. Beste veteran blei Sverre Lindstad frå Løiten JFF.

– Det blei ein travel og folksam dag, men alt gjekk fint! seier Rune Sævareid frå Os Jakt og Fiskelag.

– Han er glad for den store, frivillige innsatsen i det lokale laget.

Rune Sævareid og NJFF-leiar Knut Arne Gjems på banen torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rune og resten av dugnadsgjengen var spente både før og under det store arrangementet, men kan no pusta letta ut.

– Vi er glade for at alt gjekk bra og overvelda av dei fine tilbakemeldingane. Det var til og med ein som sa at han har deltatt på NM i 20 år, og at dette var ein av dei beste meisterskapane han hadde vore på.

Bildeserie:

Fullt hus framfor storskjermen i Ulvehiet. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Det var også lagsmeisterskap. Her er laget til Trøndelag, som tok 2.plass. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Finaledagen blei travel og folksam. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Fullt hus framfor storskjermen i Ulvehiet. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Det var også lagsmeisterskap. Her er laget til Trøndelag, som tok 2.plass. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
1 av 3
Det var også lagsmeisterskap. Her er laget til Trøndelag, som tok 2.plass. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Finaledagen blei travel og folksam. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)
Fullt hus framfor storskjermen i Ulvehiet. (Foto: Rune Sævareid, Os Jakt og Fiskelag)

Laurdag var det felles premieutdeling på 200-metersbanen til Forsvaret, der jaktfelt-NM blei arrangert.

– Dei delte ut premie til jaktfelt-vinnarane, mens hovudfinalen deira var søndag.

Der var Kent Halvorsen ein av sju skyttarar med 150 poeng og full pott etter hovudskytinga. I finalen var han den einaste, dermed blei det NM-gull og kongepokal, ifølgje Jakt & Fiske.

– Det var også ei flott trekning og utdeling av premiar på eit «caps-lotteri» som gjekk under NM, der hovudpremien var ei Tikka-rifle med kikkertsikte til verdi på rundt 25.000 kroner. Det var også fleire andre fine premiar både i loddtrekninga og til dei beste skyttarane, frå termisk kikkert til lyddemparar, fortel Rune.

– Har det vore inntektsbringande for Os Jakt & Fiskelag å vera arrangør?

– Vi har hatt ei god veke i kiosken, men det har også vore utgifter i samband med arrangementet. Samla sett er det ikkje noko gullkanta, men det har vore kjekt å ta imot alle desse jegerane, og å klara å gjennomføra noko sånt.

– Korleis blir resten av sommaren i og rundt Ulvehiet?

– Vanlegvis har vi stengt banane i juli. No gjekk NM i juli, men resten av månaden er ting på pause, og så er vi i gang med skyting, jegerkurs og førebuing til haustjakta frå 1. august.

Vanlegvis er det 350 jegerar som har årets oppskyting til storviltprøve kvar sesong.

– Nokre av desse gjer seg ferdige før ferien, rundt halvparten skyt etter ferien. Det blir med andre ord ein travel august, seier Rune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.