Kultur | 31. aug. 2018

Sist han spelte i Oseana blei det samla inn over 100.000 kroner

ORBO har ikkje spelt i heimbyda på tre år. I morgon stiller han med gjestar og nye låtar.

Sist han spelte i Oseana blei det samla inn over 100.000 kroner
ORBO på dagen derpå-fest for frivillige etter Osfest 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2018 08:20

I vinter lagde han musikkvideo med bidrag frå 25 (!) ulike land, i haust kjem han med nytt album. To låtar frå det komande albumet er ute, «Here She Comes» og låten som fekk den internasjonale videoen, «Road to Riches».

– Releasedato for albumet kjem seinare, men det kjem to singlar til først, seier Ole Reinert.

Sist han spelte i Os var på dagen derpå-fest for frivillige under Osfest 2015, og på støttekonserten for Syria i desember same år (sjå video).

• Sjå òg: Urframføring av «Heim til Os» (med Os Mannskor i 2012)

10 album på 10 år

Han lover å spela noko av det nye, noko av det komande og ein del av repertoaret frå dei første albuma. Den produktive musikaren gav ut 10 album frå 2004 til 2014.

– Er det nokre låtar du alltid speler, eller som publikum ofte ber om?

– Ja. Kanskje ikkje alltid, men det er ein del låtar som blir spelt ofte, seier Orbo, og ramsar opp «High Roller», «Taking my baby home» og «My Widow».

To gjestar frå Os - éin frå Fusa

Bandet består av Pablo Tellez, Reidar Opdal og Marius Bergesen.

I tillegg har Ole med seg fleire gjesteartistar, blant anna Gina Aspenes, Richard Myhre Gåssand og Haavard Skaatun.

– Håvard har eg følgd med på ei stund. Vi er litt i same sjanger, om han er litt meir country enn meg. Richard kom eg i prat med på Osfest, og han er delvis i ferd med å flytta seg frå hardare rock litt over på cowboyhatt han òg. Richard har òg med seg to kordamer.

At Gina står på gjestelista er kanskje minst overraskande. Ho har jobba mykje med Orbo, og dei to fekk Spellemannpris for Gina sitt debutalbum.

– Vi kjem til å spela saman, men gjestane vil òg ta nokre av sine eigne låtar.

– Kor mange gjestar ventar du i morgon?

– Eg er veldig spent! Tidleg på hausten er ikkje den lettaste tida å invitera til konsert på, og mesteparten plar koma i døra på sånne arrangement. Men uansett kor mange som kjem trur eg vi får ein veldig kjekk kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.