Kultur | 21. des. 2012

Siste dag som Oseana-sjef

Kim Kristoffersen fortel om sine beste, verste og mest overraskande opplevingar som Oseana-direktør.

Siste dag som Oseana-sjef
Kim Kristoffersen går til Bergen Live etter drygt to år som Oseana-direktør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. des. 2012 11:03

I mai 2010 blei det kjent at Kim Kristoffersen blei den første direktøren på Oseana, kunst- og kultursenteret som opna 17. juni 2011.

I oktober i år sa han opp for å byrja i ny jobb hos Bergen Live i januar 2013, i dag har han sin siste arbeidsdag som direktør på Oseana.

Søkte seg verken til eller frå

Kristoffersen jobba som produksjonsleiar i eventselskapet Possibility AS då han 18. mai fekk jobben som direktør for Oseana.

Han var ikkje blant dei 23 søkjarane på stillinga.

– Eg blei først kontakta per epost, men trudde eposten var feilsendt og sletta den, fortel Kim og ler.

Han var på den tida ikkje innom tanken å skifta jobb. Så blei han kontakta per telefon, og etterkvart som han blei kjent med planane blei stillinga meir og meir interessant.

– Det blei intervjurunde etter intervjurunde, det var som å vera med i Idol. Eg blei veldig glad då eg fekk tilbodet om jobben, fortel Kim.

Kristoffersen var heller ikkje blant søkjarane då han fekk tilbod om jobb i Bergen Live.

– Eg sa til Oseana-styret at eg såg føre meg 3 til 5 år som direktør. Eg føler eg går frå jobben litt tidleg no, men tilbodet Bergen Live kom med i haust var for freistande til å seia nei.

Søndag blei som måndag

Kristoffersen starta i stillinga 1. oktober same år og var med på store delar av planlegginga, og tilsetjinga av sine to første kollegaer, programsjef Berit Steen og teknisk sjef Kjetil Moberg.

– Eg er tilhengar av flat struktur på arbeidsplassen, å lata folk vera flinke på det dei er flinke på.

– Eg synes vi blei eit veldig godt team, saman med Janne Mari Hjelle, som byrja hos oss før opninga i 2011.

– Men det var eit ekstremt hektisk første halvår, frå opninga til nyttår hadde vi til saman 150 arrangement, vi merka ikkje forskjell om det var søndag eller måndag.

Stallen blei styrka, i tillegg til ekstrahjelp kom Espen Hjertaas inn på teknisk. Siste skot på Oseana-stamma er Astrid Heggland, som jobbar med sal.

– Osingane er fantastiske

Os kommune har ambisjonar om regional, kanskje til og med nasjonal appell. Men osingane har vore det klart viktigaste publikummet.

– Vi har gjestar frå Fusa, Samnanger, Tysnes og Bergen, og osingar som tar med seg gjestar frå andre stadar i landet til oss når dei har besøk.

– Men det er osingane som er viktigast, og dei har vore heilt fantastiske. Vi har hatt tett program, kanskje litt for tett av og til, men likevel vore utselt og hatt ekstraframsyning på show etter show med store namn.

– Er det noko som har overraska meir enn anna?

– Ja, dans. Vi har hatt veldig godt besøk når vi har sett opp kurs og danseframsyningar, av alle kategoriar, ikkje minst frå Carte Blanche.

– Det har også vore veldig kjekt å sjå amatørar i møte med proffar, det har vore stor suksess både for deltakarane på scenen og for publikum.

Trist og tidkrevjande

Men ikkje alt har vore rosa på Mobergsneset etter at Oseana opna.

– Det som har overraska mest i negativ retning er saka med Arbeidstilsynet og Os kulturskule, den såg vi ikkje koma.

– Saka har vore trist og tidkrevjande for alle partar, eg håper verkeleg kommunen finn ei god løysing for kulturskulen og alle dei flinke lærarane og elevane.

Den verste dagen Kristoffersen har hatt på jobb i Os er fredag 12. oktober, då ein ung mann ramla utfor terrassen og blei alvorleg skadd.

– Eg var ikkje på jobb denne kvelden, men blei oppringt og reiste til Os med éin gong.

– Sjølv om du aldri kan sikra deg hundre prosent for denne typen uhell, har eg spurd meg sjølv mange gongar om det var noko vi kunne gjort annleis.

Kva med lokale aktørar?

Oseana har husa mange lokale aktørar, både innan kunst og scenekunst.

Men med ein annan storleik og kvalitet enn gamle Fjellheim, er prisen også høgare, og ifølgje enkelte eldsjeler i det lokale kulturlivet for høg for ein del typar arrangement som kanskje burde fått plass i Oseanasalen.

– Vi har naturlegvis gode rabattar til lokale lag og organisasjonar, og har ulike måtar å dela risikoen på. Vi har prøvd å vera imøtekomande med alle, og der det har skore seg så skjøner eg ikkje heilt kvar det har skore seg.

– Vi på Oseana prøver i alle fall å vera open for alle forslag og idear, ikkje minst dei som kjem frå lokalt kulturliv.

– Starstrucked!

Om det førebels ikkje er så stor del av publikum som kjem reisande med fly trur Kristoffersen at Oseana har noko så unikt at potensialet til nasjonal og internasjonal appell absolutt er til stades.

– Vi har utlendingar her av og til, som anten er på besøk hos vener i Os eller overnattar på Solstrand eller Bjørnefjorden Gjestetun.

– Og dei nektar jo nesten å gå når bussen skal kjøra eller venane nappar dei i jakka og seier dei skal vidare, dei står på terrassen og er rett og slett starstrucked! seier Kristoffersen.

– Vi som bur eller jobbar i Os er vant med fjord, fjell og snøfonn - for andre er dette heilt unikt. Frå Oseana har vi ikkje berre panoramautsikt til noko av det finaste Noreg har å by på, vi ligg heilt i fjøresteinane, det luktar jo tang nesten heilt inn på scenen.

Kristoffersen er glad for at Os kommune jobbar hardt for å få nokon til å bygga hotell på nabotomta.

– Det ville ikkje berre vore ei gåve til Oseana og handelsstanden i Os sentrum, det ville vore ei stor gåve til gjestane å gjera denne perla endå meir tilgjengeleg, seier Kim Kristoffersen før han tar til på sin siste arbeidsdag som direktør for Oseana.

Den siste arbeidsdagen går med til å husa julelunsj for tilsette i Os kommune og to fullsette show med Ylvis 4 i kveld.

Les òg: Her er den nye Oseana-sjefen.

Midtsiden samleside: Oseana - frå før byggestart og fram til i dag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.