Kultur | 26. sep. 2018

Siste Idol-strofe av Martine

– Eg kjente sjølv kva som ikkje var godt nok, seier Martine Frotveit Johnsen, nøgd med å landa på topp 30.

Siste Idol-strofe av Martine
Martine Frotveit Johnsen i kveldens Idol-sending. (Foto: Espen Solli, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. sep. 2018 19:37

Fire deltakarar frå Os gjekk vidare i årets Idol. I kveld fekk vi sjå ho som kom lengst, men ikkje så langt som ho hadde lyst til.

– Dess lengre eg var der inne dess meir lyst hadde eg til å vera med endå lengre, seier Martine til Midtsiden.

I kveld blei 30 deltakarar til 15, men Martine var ein av dei som ikkje kom vidare.

– Dei filma meg ein del etter at eg hadde fått beskjed om at eg ikkje kom vidare. Eg er glad dei ikkje viste det, for når eg gret, så hikstar eg, det er sånn at eg ikkje klarer å snakka, fortel den unge vokalisten frå Strøno.

Stødig gjennomføring

Ulikt fleire andre, hadde Martine valt ei låt ho meistra. Men dommarane meinte at ho ikkje formidla den godt nok.

• Sjå Martine si framføring av «Sugar» på TV2.no

– Dei sa det same på øving. Eg følte det blei betre, men kjente sjølv at eg ikkje levde meg godt nok inn i låta. Eg er klar over at dette er avgjerande, det er noko eg er opptatt av frå før. Men eg kom til Oslo onsdag, dette var laurdag, og eg hadde nok ikkje vore flink nok til å prioritera søvn framfor øving.

– Men du valte låten sjølv?

– Eg valte tre låtar, så var det opp til dommarane å plukka ut den dei ville eg skulle synga. Det gjekk greit, men eg kunne kanskje klart det betre med ein annan låt.

Vil synga meir

Martine ser tilbake på bootcamp, som blei spelt inn i juni, med glede og savn.

– Det var nokre veldig kjekke og lærerike dagar.

– Eg har òg kontakt med nokre av deltakarane, i tillegg til at rundt 40 av oss som kom lengst har ei snapchatgruppe saman.

– Kjem du til å delta i TV-sendt songkonkurranse igjen?

– Kanskje. Men eg trur ikkje det blir fleire forsøk i Idol, og eg trur det blir nokre år til eg eventuelt prøver meg på The Voice eller liknande.

– Å delta har vore veldig inspirerande. Eg kjem til å synga oftare og publisera låtar oftare enn før. Så får vi sjå om det kan bli til noko meir. Eg har ikkje ambisjonar om å tena så mykje pengar på musikk, eg syng fordi det gjer dagen min betre.

– Har du blitt kontakta av nokon etter at du har sunge på TV?

– Ja, nokre få, her lokalt, folk som vil at eg skal synga i ulike selskap. Det er veldig kjekt! seier Martine, som med gamle reglar ville vore ei vi kunne stemma på i semifinalar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.