Lokal | 09. mars 2021

Siste krafttak for å opna landet i mai

Erna Solberg ba i dag om ein siste dugnad mot koronaviruset.

Siste krafttak for å opna landet i mai
Statsminister Erna Solberg ber befolkninga om ei siste kraftanstrengelse. (Foto: Regjeringa.no)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 09. mars 2021 10:13

Statsminister Erna Solberg ba under pressekonferanse i dag om ein siste dugnad, men var òg tydeleg på at alternativet er nye og strengare nasjonale tiltak.

Viss ikkje smitten går ned dei neste par vekene, er dette blant det som kan bli innført:

  • Full skjenkestopp i heile landet
  • Anbefaling om å ha minst to meters avstand, ikkje éin
  • Maks ti private nærkontaktar på éi veke
  • Raudt nivå på ungdomsskule og vidaregåande skular
  • Digital undervisning for universitet, fagskular og høgskular.
  • To veker utan besøk heime
  • Maksimalt 20 personar på arrangement (i dag er det 100), unntak for gravferd, som kan ha 50.

Ber om siste krafttak

Solberg ber folk ta grep. Ho viser til at dei muterte virusvariantane har spreidd seg raskt dei siste vekene.

– Viss vi ikkje lykkast no, må vi raskt stramma inn. Eg ber alle førebu seg på strengare tiltak, men òg å ta eit siste krafttak i håp om at det blir det aller siste. Då kan vi endeleg opna samfunnet i mai, seier Solberg.

– Ikkje kom heim til Noreg i påsken

Regjeringa vurderer å utvida karantenehotellordninga til fleire grupper.

Det betyr at nordmenn kan risikera å måtta bu på karantenehotell sjølv om dei i dag fell inn under eit av unntaka.

– Ikkje kom heim til påske, om du i dag er i utlandet, anten du er på jobbreise eller student, seier Solberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.