Sport | 01. apr. 2011

Siste kveld med damene

Søndag speler damelaget til Os sesongens siste seriekamp. Kampen, som går i Oshallen, blir Kenneth Husebø sin siste som dametrenar.

Siste kveld med damene
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. apr. 2011 08:09

Etter seks sesongar som hovudtrenar for damelaget til Os gjev Kenneth Husebø no frå seg jobben. Søndagens serieavslutting mot Bjørnar 2 i Oshallen (kl 15.15) blir Husebø sin siste seriekamp som trenar for damene.

- Det er noko eg har tenkt på eit par år, både for min eigen del og for at damene skal få ei ny stemme til å leia dei i trening og kamp, men no følte eg at det var på tide, seier Kenneth.

Også Erlend Lyssand, som har vore assistenttrenar dei siste åra, gjev seg når sesongen no er over.

Husebø held fram som trenar, men for jentelaget som i år er fylkesmeistrar og i helga kjempar mot fire andre lag i Oshallen om å bli regionsmeistrar.

Topp 2. divisjonsnivå

Husebø overtok som trenar etter Hallgeir Fosså, og tok damene opp frå 3. til 2. divisjon i sitt første år som trenar.

- Målsetnaden var å stabilisera seg på øvre halvdel av tabellen for 2. divisjon og på sikt rykka opp til 1. divisjon.

Kenneth og Os har vore nær begge målsetnadane. Os hamna på 2. plass begge dei første åra i 2. divisjon, i år landar dei på 3. plass uansett korleis det går på søndag.

Men 1. divisjon blei det ikkje

- Tredjeåret i 2. divisjon kunne blitt sesongen der vi rykte opp i 1. divisjon, då hadde vi eit knallår bak oss og ei veldig god stamme.

- Men fleire sentrale spelarar gav seg eller skifta klubb i forkant av sesongen, så då måtte vi bygga oss litt opp igjen ved hjelp av utvikling av eigne unge spelarar.

Ofrar mykje

Husebø fortel at det var få unge spelarar å ta av dei første åra han var dametrenar, men at dette har kome seg mykje med åra. Klubben har jobba meir systematisk med å integrera jentene i stallen, ha dei med på dametreningane og gje dei tidleg, men varsam matching på seniornivå.

- Akkurat dette har vore litt utfordrande, for det er lett for at både spelarane og foreldra ventar seg mykje speletid for A-laget etter ein debut, at dei føler seg skuffa og vraka om dei ikkje kjem på banen i neste kamp.

- Det treng dei ikkje, så lenge vi matschar mange unge tidleg blir det nokre minutt her og nokre minutt der, anten dei gjer det bra eller mindre bra i starten.

Samstundes fortel Kenneth om svært treningsviljuge jenter og damer.

- Eg er imponert over kor god treningskultur det er i Os, kor mykje dei ventar av seg sjølv, medspelarane og av meg.

- Dette gjeld ikkje berre dei yngste, mange av dei etablerte spelarane, fleire av dei med familiar eller travel jobb- eller skulesituasjon, ofrar mykje for å følgja det harde trenings- og kampprogrammet vi har.

Ny jobb

Kenneth har dei siste åra jobba som seljar av fiskeutstyr, som distriktsjef for Pure Fishing har han pusha varer av merket ABU til butikkar på Vestlandet.

- Det var noko sesongprega, med rolege tider frå jul til mars, men svært travelt med mykje reising elles i året, spesielt om hausten.

No har han starta i ny jobb. Kenneth er framleis i sportsbransjen, men sel no Diadora for Wenaas Sport og Fritid til butikkar og klubbar frå Kristiansand i sør til Ålesund i nord.

- Det blir framleis ein del reising, men det blir ei meir jamn arbeidsmengde gjennom året.

Ny trenarjobb

Også på trenarsida går han inn i ny jobb. Jentelaget til Os, som i år vann Peter Wessel-cup (uoffisielt NM), blei fylkesmeistrar og i helga kjempar om å bli regionsmeistrar i eige meisterskap i Oshallen, får no Kenneth som trenar.

- Du seier du legg opp som dametrenar for å få litt betre tid, blant anna til å ta din første sommarferie på 12 år. Er du sikker på at rolla som jentetrenar blir mindre tidkrevjande?

- Ja, det var det då, he, he! Det høyrest kanskje mindre tidkrevjande ut å trena eit jentelag enn eit seniorlag i 2. divisjon, men eg ser at det blir mykje handball på meg framover òg, ler Kenneth.

Jaktar på ny trenar

Ifølgje formann i Os Turn Handball, Andris Hamre, er trenarkabalen førebels ikkje lagt.

- Kenneth varsla oss allereie før sesongen om at han ville gje seg, så vi har jobba ei stund med å finna ein erstattar.

- Vi ser etter ein eller ei som passar klubben godt, i forhold til det å engasjera seg på litt fleire plan, ein ambisiøs trenar som matchar det spelarane ventar av vedkomande.

Hamre meiner ny trenar bør vera på plass i løpet av april.

- Dei komande åra blir spennande for Os Turn Handball. Vi er godt etablert i 2. divisjon med ei ung stamme og har gode årskull som kjem opp på seniornivå i sesongane som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.