Korona | 30. juni 2022

Siste opningsdag på teststasjonen

Frå 1. juli må du ta PCR-test andre stadar.

Kommunen har leigeavtale ut oktober, i tilfelle Røde Kors-huset igjen skal brukast til covid-testing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juni 2022 07:20

Siste dag for covidtesting ved teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogen er i dag, torsdag 30. juni, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Teststasjonen har ope frå klokka 13.30 til 15.30 i dag.

Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at koronateststasjonane kan avviklast frå 1. juli.

I praksis betyr dette at PCR-testing i samband med reise/koronasertifikat etter 1. juli må takast hos ein privat aktør mot betaling. Legekontor og legevakt kan PCR-testa pasientar når dette av medisinske årsaker er nødvendig.

Bjørnafjorden kommune har hatt teststasjonar sidan midten av mars 2020.

Med drive-thru-løysing sparer kommunen både tid og utstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKvardagsheltane: Sånn fungerer testsenteret i Kolskogheiane

Framleis gratis hurtigtest

Hurtigtestar skal framleis vera lett tilgjengelege på legekontora og andre offentlege hentestader.

Dei kan blant anna hentast på rådhuset, biblioteket, Oseana og på alle legekontora (utan å bestilla time).

Korona- og vaksinetelefonen, 47508412, vil vera open måndag og torsdag frå 13.30 til 15.30 i sommar.

Held på leigeavtalen

Bjørnafjorden kommune har framleis avtale om leige av Røde Kors-huset i Kolskogen ut oktober, og er klare til å starta opp igjen teststasjonane ved behov.

Testkapasiteten skal då ligga på tilsvarande éin prosent av folketalet (om lag 250 personar i veka), med moglegheit for å oppskalera til fem prosent (1250 personar i veka).


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.