Siste salve i punktvis utbetring
To smale delar av Lepsøyvegen blir utvida i kjølvatnet av Grindavoll-Storum.
I februar i år blei nye 1,4 km av fylkesveg 158 Lepøyvegen, frå Grindavoll til Storum, offisielt opna, halvanna år etter funn av beinrestar av det som truleg er ein 13.000 år gamal grønlandskval.
Vegen blei bygd av midlar frå 2014, som i utgangspunktet skulle halda til 3,5 km ny veg frå Grindevoll til Lepsøybrua.
– Dei utbetringane som no blir utført er med midlar som var igjen etter første 1,4 km, seier Beate Eide Risnes frå Statens vegvesen.
Arbeidet som no pågår er punktvis utbetring to stadar, ved «Hammaren» vis a vis nordenden av Geitarøya, og i ein krapp sving ved Mørkevågen.
Ferdig i haust
Risnes sin kollega, Georg Bye-Pedersen, seier siste salve i den andre av to utbetringspunkt, no er skoten.
– Det står likevel igjen litt arbeid. Ved Hammaren skal vi bygga ein ny sti til hytta over skjeret, ved Mørkevågen skal vi blant anna legga ein kabel ned igjen under vegen.
– I tillegg skal skjera sikrast med boltar, ved sidan av at nytt dekke skal på.
Arbeidet skal gjerast ferdig i haust.
Prosjekterer nytt fortau
I formannskapsmøte i mars i år var det ytra uro for at 10-15 millionar kroner som allereie var løyvd, men ikkje nytta, skulle bli brukt andre stadar etter at resterande vegstrekk sto som 6. prioritet på Os kommune si liste.
Desse pengane blei likevel verande på same veg.
I fylkeskommunen sitt budsjett for 2017 står det om Lepsøyvegen:
«(…) resterande midlar skal nyttast til utbetringar på strekninga Blindasundet – Lepsøy bru. Det vert no prosjektert fortau i Garvika. Fylkesrådmannen set av 19,5 mill. kr i 2017 til å gjere arbeidet på Grindavoll – Falkavegen ferdig og bygge fortau i Garvika. I 2018 fører ein opp resterande sum på nær 10 mill. kr og kjem attende til kva strekning som skal prioriterast innanfor denne summen.»