Etter 4.362 salvar er det no «berre» innreiing og elektromontasje igjen. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)

Siste salve mellom Os og Bergen

Ny E39: No er det opning heile vegen frå Rådal til Svegatjørn.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 11.20 måndag, tre år etter første salutt i Lyshorntunnelen (9,2 km), sprengte Veidekke sin siste salve mellom Svegatjørn og Rådal. Denne gjekk av cirka 50 meter inn frå Rådal, der Implenia jobbar med nordre del av vegprosjektet.

– Neste store milepæl blir opninga av vegen sommaren 2022, seier fungerande prosjektleiar, Arne Eltvik i Statens vegvesen, til Midtsiden.

– No står det igjen ein del innreiing før elektromontasje kan starta. Noko av arbeidet byrjar i år, noko neste år.

Thunestvedt og ABB starta på rekordkontrakten i januar i år, men først i Skogafjellstunnelen.

– Med opning mellom Rådal og Endelausmarka, og Endelausmarka til Svegatjørn, skal Hamre framleis brukast som base?

– Noko nedrigg blir det på Hamre, men vi skal framleis ha base der for fleire aktørar.

Over 4000 salvar!

To tunnellar med kvar sine to løp, til saman 30 kilometer med tunell, er no opne.

I februar 2017 var siste salve i Skogafjellstunnelen (1,5 km). Sjå video av første salve februar 2016.

I alt er det sprengt 4.362 salvar mellom Rådal og Svegatjørn. Det er brukt over 120.000 sikringsboltar i tunnelveggane, og over 70.000 kubikk med sprøytebetong, skriv vegvesen.no.

Trygve Slåke, prosjektleiar i Veidekke, fortel at 20 lærlingar har tatt fagprøve i løpet av dei tre første åra i prosjektet. Han fortalte om fokus på ytre miljø, handtering av ureine massar og gode resultat på HMS.

Varsam markering

Gårsdagens store milepæl blei gjennomført utan dei store talane eller politikarbesøka, truleg grunna vegdirektør Terje Moe Gustavsen sin bortgang førre helg.

Einaste politikar frå Os som deltok var tidlegare leiar for samferdsleutvalet i Hordaland i 16 år, Gustav Bahus (Frp).

– Det er eit viktig prosjekt og det var ein stor dag i går, men heilt naturleg at det blei ei noko nedtona markering, seier Bahus.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Fleire saker