Siste sjanse for helgetesting
Endrar opningstidene i neste veke.

Med halvering i koronasmitte frå veke 10 til 11, er det også færre som testar seg.
Av 379 nye smittetilfelle i førre veke var det berre rundt 200 som tok PCR-test.
– Kor lenge skal teststasjonane haldast opne, når smitten går så mykje ned, og færre blir alvorleg sjuke?
– Vi byrjar med å kutta ut laurdagen i Kolskogen, og å flytta testing på Fusa-sida frå samfunnshuset til legekontoret, sa Klaus Melf til Midtsiden i går.
– Så vil vi vurdera fortløpande å redusera frå 5 dagar i Kolskogen til færre. Vi er forplikta til å halda god testkapasitet ut april. Kva som gjeld frå mai er uvisst.
Onsdag ettermiddag la kommune ut følgjande informasjon på heimesida:
Teststasjonen i Eikelandsfjorden samfunnshus stenger dørene denne veka. Frå neste veke, veke 13, vil testinga skje ved Eikelandsosen legekontor på ettermiddagstid, etter behov. Testen vil bli tatt utanfor legekontoret.
Teststasjonen i Røde Kors-huset i Industrivegen i Os vil framleis vera open for testing måndag-fredag, kl 8-15, men hald stengd i helgene. Førstkommande laurdag (26. mars) blir siste moglegheit for helge-testing i Industrivegen.
Det er, somfør, timebestilling på nett eller telefon.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.