Lokal | 24. des. 2015

Siste slurk av Svegatjørn

Sjå bildeserie frå det nesten ferdigtappa vatnet ved inngangen til ny E39 mellom Os og Bergen.

Siste slurk av Svegatjørn
Etter tre veker med tapping er det nesten berre ein dam igjen av Svegatjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. des. 2015 09:30

Bildeserie:

Svegatjørn før tappinga starta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svegatjørn før tappinga starta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svegatjørn i går, 23. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svegatjørn i går, 23. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vatnet blir pumpa i renne til Ulvenvatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vatnet blir pumpa i renne til Ulvenvatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veidekke sin Askeladden ligg på tørre land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veidekke sin Askeladden ligg på tørre land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tappinga avdekka gamle syndar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tappinga avdekka gamle syndar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ulvenvegen blei stengt måndag 30. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ulvenvegen blei stengt måndag 30. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er det ikkje alle som har fått med seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er det ikkje alle som har fått med seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svegatjørn er nesten ferdig tappa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svegatjørn er nesten ferdig tappa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har fisken òg gått i pumpene? Vi såg ingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Har fisken òg gått i pumpene? Vi såg ingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tappinga held fram gjennom jula. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tappinga held fram gjennom jula. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I slutten av januar skal drivinga av tunnellen starta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I slutten av januar skal drivinga av tunnellen starta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sånn skal det sjå ut i 2022. (Ill.: Statens vegvesen)
Sånn skal det sjå ut i 2022. (Ill.: Statens vegvesen)
1 av 12

Etter tre veker med tapping er 7 meter djupe Svegatjørn nesten tappa heilt ned.

Sjå òg: Midtsiden og Varde sitt webkamera ved Svegatjørn

Onsdag 2. desember byrja pumpene å gå, og renna ned mot Ulvenvatnet fekk, saman med store nedbørsmengder dei siste vekene, fylt seg godt opp.

Onsdag 23. desember er det nesten berre ein dam igjen. Sjølv om dei 8-10 maskinene som står ved vatnet i går såg ut til å få seg ein julepause, gjekk pumpene framleis.

– Arbeidet og tappinga er i rute. Pumpene skal gå gjennom jula, under overvaking av entreprenør, seier prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen.

Planen er å starta drivinga av Skogafjellstunnelen i månadsskiftet januar-februar.

Delar av det som var under vatn er prega av gamle synder og tidlegare fylling, rustne oljefat og gamle bildekk ligg i sørenden av vatnet.

I tillegg til gamal forureining er det tydelegvis mykje feilkøyring i området, på ti minutt mens Midtsiden var på staden og fotograferte var det tre bilar som prøvde å køyra på den stengte Ulvenvegen, men måtte snu ved Ulvenparken.

– Vi skal til Lysefjorden, kor køyrer vi då? spurde ein av dei.

Gamal vane står tydelegvis sterkare enn lesing av skilt.

Sjå òg: Midtsiden samleside E39 Svegatjørn-Rådal

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel. Den lengste tunnelen blir den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.
• Lengst sør, frå Svegatjørn til Endelausmarka, kjem den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen.
• Dagsona gjennom Endelausmarka blir 1,1 km lang. Her kjem også fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.
• Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
• Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
• Antatt ferdig i 2022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.