Lokal | 26. des. 2017

Siste tur etter 48 år på båt

Kalle Bratholmen jobbar både jul og nyttår på sitt siste oppdrag før han pensjonerer seg.

Etter fleire år på dekk fekk Kalle problem med høyrselen, men fekk jobba vidare i byssa. Der trivst han godt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. des. 2017 19:16

Bildeserie:

Kalle med dagens lunsj. (Foto: KVB)
Kristine Bonnevie la seg til ved Sandholmane i førre veke. (Foto: KVB)
Kalle med dagens lunsj. (Foto: KVB)
Kristine Bonnevie la seg til ved Sandholmane i førre veke. (Foto: KVB)
1 av 2
Kristine Bonnevie la seg til ved Sandholmane i førre veke. (Foto: KVB)
Kalle med dagens lunsj. (Foto: KVB)

Måndag for ei veke sidan var Havforskningsinstituttet sin «Kristine Bonnevie» innom Os hamn.

Om bord var Karl Tore «Kalle» Bratholmen, og den erfarne sjømannen har framleis ikkje gått i land.

– Dama er i Brasil så eg tenkte at eg like gjerne kunne jobba. Det er mange andre som har lyst på fri desse dagane, seier Kalle.

I 2018 fyller han 63 år, dermed er det på tide å pensjonera seg. Når Kalle går i land 2. januar kan han sjå tilbake på 33 år for havforskinga og til saman 48 år på ulike skip i ulike farvatn.

– Skulle berre hjelpa til

Han hugsar ikkje årstalet, men reknar med at han var 15-16 år då han fekk sin første tur.

– Båten «Fokus» frå Austevoll mangla folk og spurde om eg kunne hjelpa.

Sidan har han blitt verande på sjøen.

Seinare har han jobba på båtar som «Idol», «Røttingøy», «Vesle-Kari», «Gerda Marie», «Håkon Mosby» (21 år), «Johan Hjort», «Dr. Fridtjof Nansen» og ein månad på «G.O. Sars».

Dramatikk i nord og sør

Kalle har jobba i byssa dei siste åra, etter at han for ei tid tilbake fekk problem med høyrselen. Tidlegare var han på dekk, først på fiskebåt, så for Havforskingsinstituttet.

Han har segla til både Svalbard, Grønland og Afrika, Sør-Amerika og til Myanmar i Asia. På spørsmål om kva som er det mest spennande han har opplevd, nemner han først ein episode der han blei truga med pistol då han var i land i Namibia.

– Eg fekk han til å snu seg, og då tok eg pistolen ifrå han. Men stort sett så har det gått fint å vera i land, Ghana var kanskje finaste staden. Det meste går bra så lenge du ikkje kranglar.

Det kan òg bli spennande på havet. I 1974 var han på loddefiske med «Røttingøy». I det same uvêret som det omdiskuterte forliset til den britiske trålaren «Gaul» i Barentshavet, der alle 36 omkom og det lenge var spekulasjonar om torpedering av sovjetisk marine, fekk båten frå Øyane problem.

– «Hargun» hadde kome seg til land, men vi sleit. Ei bølgje knuste rutene i styrhuset og instrumenta rauk. I tillegg rauk nota, og vi fekk sjøvatn i maskinrommet, så motoren gjekk for redusert fart.

Men Røttingøy kom seg innaskjers og blei reparert i Honningsvåg.

Trappar ned med småoppdrag på heimebane

Siste seglas blei ikkje så eksotisk eller dramatisk for Kalle Bratholmen. Etter test av utstyr i Bjørnafjorden har «Kristine Bonnevie» lagt til kai i Bergen jul og nyttår.

Med mannskap og forskarar om bord blei det ikkje fri for Kalle i byssa.

– Det er heilt greit å vera på jobb i juleferien. Julaftan var vi sju til middag, nyttårsaftan blir vi fem. Tysdag 2. januar går eg i land.

Kalle seier han ser fram til å bli pensjonist.

– Det skal bli fint å ha heilt fri, men eg kjem ikkje til å halda meg heilt unna. Arne Halhjem har allereie invitert meg til å vera med MS Midthordland når sesongen for cruise med veteranbåtar startar, så eg blir nok å finna på Bjørnafjordens Dronning av og til i tida som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.