Lokal | 18. feb. 2021

Siv går av: – Ein veldig spesiell dag, synest Søviknes

– Eg skulle ønskt eg kunne gi ho ein klem.

Siv går av: – Ein veldig spesiell dag, synest Søviknes
Siv Jensen seier ho ønskjer at Sylvi Listhaug overtar som leiar. Søviknes vil foreløpig ikkje kommentera ei eventuell ny rolle. (Foto: Frp)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. feb. 2021 19:16

Siv Jensen, som har leia Fremskrittspartiet sidan 2006, sa etter dagens landsstyremøte at ho ikkje stiller til gjenval som leiar av partiet.

– Det handlar ikkje om partiet, men om meg. Eg treng å ha tid til med sjølv, og å gjera noko anna enn det eg har drive med dei siste 24 åra, seier Jensen til VG.

Tidlegare olje- og energiminister og eldre- og folkehelseminister, Terje Søviknes frå Os, har sidan mai 2019 vore andre nestleiar.

– Eg har kjent Siv sidan midten på 1990-talet, og vi har jobba tett saman sidan ho kom inn på Stortinget i 1997, seier Søviknes til Midtsiden.

Han sat då i sentralstyret i partiet.

– Eg fekk veta det på førehand, men ikkje så lenge før. Dagen i dag har likevel vore veldig spesiell. Kjenslene ligg utanpå, eg skulle verkeleg ønskt eg kunne gi ho ein klem.

Ambisjonar og ny epoke

I 1999 blei Terje og Siv nestleiarar saman, og det låg i korta at ein av dei skulle overta etter Carl I. Hagen.

– Vi hadde mange lange samtalar om kven av oss som burde overta, når den tid kom. Eg hugsar Carl ba oss jobba for å koma i regjering saman med Høgre, om naudsynt ta med oss KrF og Venstre. Det har vore fint å sjå korleis desse ambisjonane og denne strategien gav resultat, først med rekordgodt resultat i 2009, så i regjering frå 2013 og, ikkje fullt så vellykka med KrF og Venstre.

– Kva har du og Siv vore mest einige og ueinige om?

– Vi har diskutert mange tema og enkeltsaker, men har aldri vore skikkeleg ueinige, vi er i grunnen ganske like politisk.

Ny rolle?

Jensen sa under pressekonferansen at ho håper at Sylvi Listhaug blir den neste partilederen og at partiet vel Ketil Solvik Olsen som første nestleiar.

– Kjem du til å få ei ny rolle i partiet, eller kjempa om ein av desse plassane?

– Sylvi og Ketil vil møta pressen i morgon. Eg synest ikkje eg skal uttala meg om noko før dei har fått svart på spørsmål og kommentert det at Siv går av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.