Lokal | 25. nov. 2020

Sivert Høyem speler for 20 (!) i Oseana

– Tøft av han å gjennomføra, vi er glad vi fekk lov, seier Berit Steen.

Sivert Høyem speler for 20 (!) i Oseana
Er du blant dei første 20 som kjøpte billett til Sivert Høyem laurdag? (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2020 14:48

Ifølgje nasjonale reglar frå 5. november kan 200 personar framleis vera samla innandørs, om det er i fastmonterte stolar. Men den lokale, skjerpa forskrifta Bjørnafjorden kommune kom med dagen etter, inkluderer stengt kulturhus.

Oseana måtte avlysa fleire show og konsertar, men Sivert Høyem førstkomande laurdag vil gjennomføra.

Konserten var del av Oseana si stjernespekka tilleggslansering for innspurten på koronaåret, og blei utselt på kort tid.

Men langt frå alle 200 får koma.

– Vi har fått lov til å opna for 20, sånn dei har i Bergen. Dette er del av ein turné, og Høyem har bestemt seg for å gjennomføra uansett, noko eg synest er fint gjort og tøft gjort, seier programsjef i Oseana, Berit Steen.

Dei har òg fått lov til å gjennomføra kino førstkomande søndag, Kutoppen blir sendt tre gongar i løpet av dagen, med inntil 20 i salen per vising.

Eksklusiv intimkonsert

Dei første 20 som kjøpte billett får koma, dei neste 180 må stå over det som truleg var den einaste sjansen i overskuleg framtid å få oppleva Høyem i Os.

– Eg forstår om desse 180 er skuffa, og det er dessverre ikkje noko vi kan gjera med dagens restriksjonar. Dei 20 som får koma vil eg tru får ei intim og fin oppleving.

Steen lover god smittevernavstand mellom korhortane, og vil prøva å rigga Oseanasalen for ei god, musikalsk oppleving.

Tett program frå 7. desember

Fonos, som ikkje får øva, har avlyst. Deira konsertar skulle gått 6. desember. Atle Pettersen og Ingeborg Walther (3. desember) får heller ikkje ei swinging christmas.

– Haavard Skaatun 4. desember er vi i dialog med, elles håper vi det slepp opp frå 7. desember.

Formannskapet i Bjørnafjorden kommune vil 1. desember vurdera å letta på forskrifta før 6. desember, som er siste dag som noverande forskrift er gyldig.

– Om vi går tilbake til sånn det var i oktober, og sånn det i dag er i resten av landet som ikkje har skjerpande, lokale tiltak, har vi mykje fint å by på før jul.

Her er noko av det som står på plakaten:
8. desember: Helene Bøgsle
10. desember: Latter LIVE
12. desember: Vidar Johnsen
14. desember: Eva Weel Skram (utselt)

Vinskvetten, som ikkje fekk spela i starten på november, er utsett til 28. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.