Lokal | 18. aug. 2015

– Sivile gjorde ein god innsats

Bildeserie: Brannvesenet med redningsdykkarar var raskt på staden då ein mann omkom i ei båtulykke utanfor Os hamn.

– Sivile gjorde ein god innsats
Brannvesenet ved båten tysdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. aug. 2015 07:27

Bildeserie:

Båten skal ha hatt retning ut frå Os hamn då den gjekk på land. (Foto: KVB)
Båten skal ha hatt retning ut frå Os hamn då den gjekk på land. (Foto: KVB)
No ligg den i Kuvågen, og i skrivande stund blir området sperra av. (Foto: KVB)
No ligg den i Kuvågen, og i skrivande stund blir området sperra av. (Foto: KVB)
Baugen er skadd etter grunnstøytinga. (Foto: KVB)
Baugen er skadd etter grunnstøytinga. (Foto: KVB)
Det er også propellen. (Foto: KVB)
Det er også propellen. (Foto: KVB)
Alle dei tre var om bord då redningsmannskap kom fram. (Foto: KVB)
Alle dei tre var om bord då redningsmannskap kom fram. (Foto: KVB)
Raudholmane ligg rett utanfor Os hamn og Kuvågen. Treffpunkt er førebels uvisst. (Foto: KVB)
Raudholmane ligg rett utanfor Os hamn og Kuvågen. Treffpunkt er førebels uvisst. (Foto: KVB)
1 av 6

Klokka 00.16 gjekk redningsalarmen, ein båt hadde gått på land på Raudholmane rett utanfor Os, Kuvågen og Lekven.

– Sivilie høyrde då båten knuste i land. Nokre var også raske med å koma seg ut for å hjelpa, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Det var tre personar om bord. Alle skal ha vore i båten då redningsmannskap kom til staden.

Éin av dei, ein mann i 30-åra, omkom. Ein annan var hardt skadd og blei tatt til sjukehus med luftambulanse frå Kuvågen mens ein tredje også var skadd og blei frakta til sjukehus med ambulanse.

Dei to skadde skal også vera menn i 30-åra. Ingen av dei tre skal vera frå Os.

Uvisst treffpunkt

Båten er ein pilothus-båt med heile 300 hestekrefter.

Det er uvisst kor den trefte land, men den kan sjå ut som om båten hadde retning frå Os og sør mot Halhjem.

Båten er tatt inn i Kuvågen og området rundt båten er no sperra av.

Skader på baug og propell er tydelege teikn etter ulykka.

Rask utrykking

Brannvesenet tok med seg gummibåt og rykte ut med tre redningsdykkarar frå Kuvågen, berre nokre hundre meter frå brannstasjonen.

– Ein av betjentane rykte direkte ut med eigen båt og blei først på staden, etter dei sivile. Han fekk kartlagt situasjonen og varsla andre redningsetatar om status.

Også ambulansebåten frå Austevoll og politi rykte ut. Luftambulansen kom over staden og lyste opp området.

– Det blei ikkje bruk for redningsdykkarane, men det er på ulykker som denne eg er glad for at vi har dette i Os. Vi søkte også rundt holmen for å sjå etter eventuelle andre personar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.