Sjå korleis Viktor sikra seg NM-sølv
VIDEO: Etter to konkurransar i Spania kom Viktor heim og rett på pallen i wakeboard-NM.
Halvanna år etter at han kjøpte seg årskort på kabelbanen i Benidorm var Viktor Hjelle i helga med i NM i wakeboard i Norsjø Kabelpark i Telemark.
Viktor, som fyller 15 år i oktober, tok sølv i debuten.
– Han som vann er berre 12 år, men i ein klasse for seg sjølv, på nivå med dei beste seniorane. Eg trur han bur rett ved parken. Uansett, sølv var det beste eg kunne håpa på, seier Viktor etter NM-triumfen.
Frå før har Viktor berre deltatt i to konkurransar, éin i Spania for eit år sidan, ein annan etter at familien flytta heim frå Spania til Os i sommar.
– Viktor blei igjen ei veke etter at vi flytta for å få med seg denne konkurransen før NM, fortel pappa Tommy.
Blei skadd dagen før NM
– Det går ikkje berre på kva triks du klarer, men korleis du utfører dei. Det er betre å ta ein lang og høg 180 gradar turn, med fin landing, enn ein 360 som du så vidt klarer å gjennomføra, forklarer han.
I NM blir det køyrd ein kvalifiseringsrunde, der kven som helst kan prøva seg, før første teljande runde og finalen, der alle får to rundar.
– Eg skadde meg i trening dagen før, så eg var litt varsam i kvalifiseringa, og låg nest sist etter denne. Men det var få deltakarar så eg kom meg vidare.
Han er mest nøgd med den første av dei to finalerundane.
– Spesielt med rail, at eg klarte å gjennomføra, for det var på denne eg skadde meg i treninga før konkurransen.
Ingen plass å trena på Vestlandet
Etter konkurransen i Spania i fjor fortalte Viktor og Tommy om ambisjonar om å få bygd ein bane i Os.
– Det er stor forskjell på båt og kabelbane, skal eg trena til konkurranse så må eg til Telemark.
Fleire av deltakarane undrast over at det ikkje er ein einaste bane på Vestlandet.
– Vi vil i dialog med Os kommune for å høyra om det er mogleg å få til noko slikt i Os. Tenk om vi kunne fått den første banen på Vestlandet, det kunne sikkert vore flott både for ungdom som vil prøva noko anna enn lagsport, og for turismen i Os, seier Tommy Hjelle.