Jan Arvid Nilsen og Katrine Lunde tok ei økt med Os i Kristiansand. (Foto: Hege Engelsen)
Jan Arvid Nilsen og Katrine Lunde tok ei økt med Os i Kristiansand. (Foto: Hege Engelsen)

Sjå kven som dukka opp på Os sin treningsleir!

Erstatta leir i utlandet med vellykka treningsveke i Kristiansand.

Kjetil Vasby Bruarøy
07. august 2020 - 15:49

Os sitt damelag hadde i formiddag si siste økt på treningsleiren i Kristiansand.

I løpet av treningsleiren har dei hatt besøk av landslagskeeper Katrine Lunde og hennar tidlegare trenar, Jan Arvid Nilsen.

– Eg hadde fortalt jentene at eg jobba med dette, men dei visste ikkje om at det blei ein realitet før vi var på veg nedover, fortel Os-trenar Trond Budal.

Budal og Jørgen Wold har fått med seg Stig Hopland i trenarteamet. Hopland har tidlegare spelt for KRS. Han lagde rammene for leiren og ordna med dei ressurssterke gjestetrenarane som leia ei økt med dei to keeperane Os hadde med seg.

Katrine Lunde (tidlegare Haraldsen) debuterte på det norske landslaget i 2002. Ho har blant anna vore med på å vinna OL-gull og fleire EM-gull, og blei i 2008 kåra til beste målvakt i både EM og OL.

I 2018/2019 spelte Katrine for Vipers Kristiansand mot Metz i Women’s EHF Champions league, og skadde kneet, som gjorde at ho sto over førre sesong.

– Var keeperane litt «starstrucked» av besøket?

– Det trur eg vi var alle saman. Det var veldig fint av dei å stilla opp på denne måten, synest Budal.

Onsdag spelte reisefølgjet på 16 treningskamp mot kvarandre.
Onsdag spelte reisefølgjet på 16 treningskamp mot kvarandre. 

God erstatting for leir i utlandet

I april fortalte hovudtrenar Trond Budal om både nye kontraktar og plan om treningsleir i Polen for handballdamene til Os.

Opplegget låg an til å bli bra, men etterkvart blei det tydeleg at utanlandsreise kunne bli ei utfordring.

– I staden fekk vi laga eit bra opplegg i Kristiansand, fortel Budal.

16 spelarar med trenarteam har budd på Scandic Kristiansand Bystranda sidan måndag. Her har dei hatt sentrumsgatene rett utanfor hotelldøra50 meter til standvolleyballbane og 100 meter til badestranda.

– Det har vore ei veldig god veke på mange måtar. Fin frukost, sportslunsj og god middag på hotellet, fine fasiliteter og ei kjekk gruppe å reisa på tur med. 

– Kveldsøktene har vi hatt i Aquarama, som ligg i hotellet. Morgonane og midt på dagen har vi jogga 15 minutt til Odderøyhallen for å trena.

Budal seier «vi», men har sjølv trødd på ein Scandic-sykkel.

– Eg måtte nesten nå fram før jentene, seier trenaren og ler.

Måndag og tysdag blei det tre økter for dagen. Onsdag skulle dei spela treningskamp, noko korona sette ein stoppar for. I staden blei det internkamp. Os har i desse dagar fordel av å ha ein ung stall, alle under 19 år har lov å ha fysisk kontakt og gå i duellar.

– Vi prøvde likevel å laga ei ramme på denne, med drakter, dømming og premiering. Planen var å ha ei økt til, men eg såg at spelarane hadde litt slitasje her og der, så då blei det ei koseøkt med sandvolleyball i staden.

Trenarane deltok i sandvolleyballøkta. Budal let seg heldigvis ikkje riva med.
Trenarane deltok i sandvolleyballøkta. Budal let seg heldigvis ikkje riva med. 

Sterk avslutting på førre sesong

Os Turn sine handballdamer tok sin femte siger på rad då dei søndag 8. mars knuste tabelltoar Bjørnar 21-13 på heimebane.

Dette blei, grunna koronakrisa, laget sin siste kamp for sesongen.

– Det var synd for vår del. Laget var i kjempeform, vi hadde motstandarar vi ville ha revansje mot, og vi kunne ha klatra endå meir på tabellen, sa Budal i vår.

Os landa på 8. plass av 12 lag. Fire av dei fem sigrane på tampen av sesongen var mot lag lengre oppe på tabellen; Bjørnar, BSI, Stord og Askøy. Neste motstandar skulle vore Kjøkkelvik, som Os i januar leiar over fram til 58. minutt.

Første fellestrening etter koronavåren var 20. mai. 

Planlagt seriestart i haust er, for Os sin del, bortekamp mot BSI 19. september.

Sjå fleire bilde frå treningsleiren i bildeserien under (synleg for abonnentar):

 

Les meir om

Sport Handball Os dame