Lokal | 01. sep. 2016

Sjå Os-tatoveringane

Video: Laurdag kan du tatovera deg med spesialdesigna kroppskunst frå Torkjell Rød og Karoline Hille Nordströnen på Oselvarfestivalen.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 01. sep. 2016 14:43

I samband med Oselvarfestivalen i og rundt Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet laurdag kan du få foreviga eigne Os-tatoveringar teikna av Torkjell Rød og Karoline Hille Nordströnen. Begge osingar, begge tatovørar.

– Dei kjem til å vera her frå klokka 10 til 17, så då er det berre å stille opp. Eg har allereie lagt inn ei bestilling på Undino, fortel Kjetil Osablod Grønvigh, kulturkonsulent i Os kommune.

Saman med Stine Kobbeltveit har han ansvaret for festivalen.

– Noregs nasjonalbåt må sjølvsagt ha sin eigen festival, slår dei to fast.

På programmet står underhaldning, ro-konkurranse og leikebåtbygging for born.

– Vi har jo òg fått med oss at Oselvaren har fått sitt eige øl. Så saman med Solsiden har vi fått dei som produserar det til å koma for å presentera det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.