Lokal | 21. mai 2013

Sjark i full fyr

Video: Ein sjark brann tysdag utanfor Øyane. – Røyken slo imot meg, fortel fiskaren.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. mai 2013 08:02

Tysdag rundt klokka 9.45 fekk brannvesenet melding om båtbrann utanfor Lepsøy.

– Sjarken ligg mellom inste Gulholmen og Bjørnarøy. MS Rygervakt er på staden, fortel eit vitne til Midtsiden.

Ifølgje politiet var det éin person om bord i båten då den byrja å brenna.

Vedkomande har tatt seg over i ein livbåt og kome seg vekk.

Båten blei raskt overtent.

– Røyken slo imot meg

Båteigar fortel at han fekk motorstopp.

– Eg kasta anker og gjekk inn i båten for å sjekka motorrommet. Då eg opna luka slo røyken imot meg, seier båtføraren til Midtsiden.

Han lukka luka, fekk på seg overlevingsdrakta og kasta seg i livbåten.

Så blei han plukka opp av ein som tilfeldigvis kom forbi i båt.

Både Os brannvesen, Rygervakt og Forsvaret med KNM Gneist er på staden.

Om bord skal det vera ei gassflaske, derfor venta Rygervakt med å nærma seg, men sløkkearbeidet er no i gang.

Klokka 10.20 hadde brannvesenet kontroll over brannen, men måtte vera forsiktige med å pøsa på med vatn for ikkje å fylle båten slik at den søkk.

Brannen er no sløkt og ligg fortøyd til land ved Ytterøya.

Sjå video frå sløkkinga (0:53 sek, foto: Varde Film og Media)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.