Jakt, fiske og natur | 07. juli 2022

Sjefen sjølv kom til Os for å delta i elgbane-NM

– Os kan vera stolte over dette arrangementet, seier leiar i NJFF, Knut Arne Gjems.

Sjefen sjølv kom til Os for å delta i elgbane-NM
Knut Arne Gjems på ståande fast skive, før elgen byrja å gå på skjener. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. juli 2022 11:24

Når NJFF Hordaland i år, for første gong, skal arrangera NM i Jaktfelt & Elgbane, er Os Jakt og Fiskelag vertsskap og arena for halve arrangementet.

Os Jakt og Fiskelag tar imot deltakarane i elgbane-NM mens Åsane, Bergen og Fusa skal styra jaktfelt-NM på banane til Os Skyttarlag og Sjøforsvaret (Ulven leir).

– Vi fekk ein mjuk og fin start med halv dag tysdag, og ein våt dag i går. Sett vekk frå behov for litt justering på elektronikken tysdag, så har det gått veldig fint, seier Rune Sævareid frå Os Jakt og Fiskelag.

Tysdag var 31 skyttarar på standplass, onsdag sto 69 på programmet og torsdag og fredag er det 96 per dag frå morgon til kveldsfinalane.

Dei endelege finalane i dei 10 ulike klassane går laurdag. Då skal også fylkeslaga skyta mot kvarandre.

Får skryt frå øvste hald

Blant deltakarane i dag var leiar i Norges Jakt og Fiskelag, Knut Arne Gjems.

Ikkje berre fordi NJFF har hovudansvaret for arrangementet, Gjems er også deltakar.

Gjems er takksam og nøgd for at NJFF Hordaland, med blant andre Os Jakt og Fiskelag, har tatt på seg oppgåva med å vera vertsskap for NM i Jaktfelt & Elgbane.

Bildeserie:

Rune Sævareid tok i dag imot NJFF-leiar og NM-deltakar Knut Arne Gjems. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Leiar i Os JFL, Hogne Markhus, er svært nøgd med Rune og resten av dugnadsgjengen i laget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Entré ved klubbhuset Ulvehiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eller frå lånt parkeringsplass hos Os Maskinering, via nygrusa sti. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Til Os Jakt og Fiskelag sin nybygde standplass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Og Bjørnafjorden Pistolklubb sin nesten ferdigbygde standplass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Opprop: Dagfinn Midtun frå Flesland (t.v.) er medlem i Os, det same er Geir Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Klare for sitjande og ståande på fast skive først. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stødig skyting på alle fire. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Inge Mork frå NJFF har kontroll på resultata. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Martin Simulak var med på å alda orden i rekkene. Og humøret oppe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

96 skyttarar skal i elden i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kvar dag blir avslutta med kveldsfinale. Laurdag er dei endelege finalane i 10 klassar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Etter fire skyttarar side om side på fastståande skive, skal dei éin og éin på «løpande elg» (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 14

– Det krev ein stor dugnadsinnsats, både på førehand og frå morgon til kveld den veka det står på.

– Eg synest fasilitetane er gode og gjennomføringa veldig bra. Dette kan Os Jakt og Fiskelag vera veldig stolte over.

Foreldra sine barndomsminne frå Ulven

Knut Arne er frå Finnskogen i Innlandet, tidlegare Hedmark, og er aktiv som både fiskar og jeger.

– Eg har vakse opp med både fiske og jakt, og jaktar i dag alt frå elg, hjort og rådyr til småvilt, storfugl og rype, fortel formannen, og ramsar opp ulike hundar han har til ulike formar for jakt.

I juni var han, som fleire osingar, i Namsen og fiska laks.

Sitjande på fast skive før ståande på både fast og løpande skive. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eitt av foreldra til Knut Arne sine første minne, er då dei på slutten av 1940-talet, som 5-6 år gamle, møtte kvarandre på Ulven.

– Besteforeldra mine deltok på Landsskytterstemna i Bergen, og overnatta i telt på Ulven. Det var første gong foreldra mine møtte kvarandre, då som barn, men det blei eit minne for livet.

– Det var dessutan minst like mykje regn den gong, og sikkert dårlegare telt. Ein av dei skal ha sagt at «om det ikkje var for at han var krum i ryggen, så hadde han drukna», fortel Knut Arne og ler.

Ein hobby i vekst

NJFF-sjefen gler seg over auka rekruttering til jakt og fiske.

– I fjor auka vi med 6.000 medlemmar, og er no oppi 115.000. I alt er det 500.000 som har jegerprøve i Noreg, dette er tal i verdstoppen,.

– 86 prosent av innbyggarane er positive til jakt. Det er også tal som er betre enn mange andre, og noko vi gler oss over.

Bildeserie:

Frå Vang utanfor Hamar: Elin G. Nordseng (t.v.) med pappa i bakrunnen, dottera Lina Olette i midten og søstera Marianne Grønvold til høgre. (Foto: KVB)

Halhjem Kafé lager mat i teltet kvar ettermiddag. – Deltakarane set pris på skikkeleg middag, dei kan ikkje leva på hotdog i ei veke, seier Markhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utanfor Ulvehiet heng resultatlistene så langt i meisterskapen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Inne kan deltakarane følgja med på kvarandre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

... og få snacks frå kiosken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 5

Også Os Jakt og Fiskelag opplever god rekruttering.

– Vi har hatt uvanleg mange på jegerprøvekurs i år. Vi har begrensa mengde instruktørar, men hadde tre kurs i vår og skal ha eitt i august, før hjortejakta startar, seier Sævareid.

– Vi sel også godt med fiskekort via iNatur, legg han til.

Sævareid og Markhus gler seg over at laget sitt største arrangement så lang, har gått fint.

– Vi er takksame for både innsatsen til medlemmane våre og alle som har støtta oss, frå sponsor Fløysand til naboane i Os Maskinering sine parkeringsplassar, sponsa matvarer frå begge Spar-butikkane i bygda - og Halhjem Kafé, som lager middag så deltakarane slepp å nøya seg med hotdog eller pizza ei heil veke, seier Markhus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.