Næringsliv | 26. des. 2010

Sjefen sluttar

Damene på polet mister einaste hane i flokken, Einar Øvreberg trappar ned og skiftar jobb.

Sjefen sluttar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. des. 2010 07:56

Einar Øvreberg, som har vore butikksjef på Vinmonopolet Os sidan opninga 30. september 1999, sluttar snart i stillinga.

- Ein vond fot gjer at eg må trappa ned i stillingsprosent, og når eg ikkje kan vera sjef lenger så vil eg heller ikkje gå her som ein sjuande far i huset, seier Einar.

Når januar 2011 er over forsvinn han frå polet på Os, men frå februar finn du han i same type utsal på Lagunen. Der skal han inn i ordinær rolle i 50 prosent stilling.

- Therese Håvik, som jobba her då vi starta, men seinare har vore nestleiar på Vestkanten og butikksjef på polet på Nesttun, overtar jobben min på Os, fortel Øvreberg.

Virus eller flått?
Det var for tre-fire år sidan at Einar av ukjent årsak fekk feber, gjekk til lege og blei sendt til Haukeland. Der låg han ei veke.

- Dei fann ikkje ut kva som feilte meg, men det kan ha vore virus eller flått. Og det var nok denne saka som var årsaka til problemet eg fekk cirka eit halvt år seinare, trur den avtroppande polsjefen.

Då merka han at den eine foten ikkje lystra. Seinare har det blitt verre, musklane i leggen har blitt «spist opp» og Einar treng skinne for å gå og stå normalt.

- Legen meinte eg no burde gå ned frå 80 prosent stilling til 50 prosent. Så får eg jobba halv tid på Lagunen til eg om tre og eit halvt år fyller 65.

Angra litt
På spørsmål om kvifor den tidlegare politimannen ikkje søkte tilbake til sitt gamle yrke når han no skulle skifta jobb, svarer han at han no er for gamal til å jobba i politiet.

- Kort tid etter at eg slutta i politiet blei distrikta Bergen og Hordaland slått saman, noko som opna for fleire stillingar i min kategori, og som gjorde at eg angra litt på valet eg tok.

- Men eg har hatt godt av å prøva noko nytt, og jobben på polet har vore gjevande på mange måtar. Hyggelege kundar og hyggeleg utvikling når det gjeld kundane sitt forbruk, frå brennevin til vin, frå vin til finare vin, har vore kjekt å vera vitne til.

Pinlege svar
Når Einar forsvinn frå polet på Os så mister utsalet også den einaste mannlege i fulltidsstilling.

- Du tør overalata hyllene til denne kvinneflokken?

- Eg er litt betenkt, men samstundes ser eg andre pol klarar seg utan menn, så eg får no tru det går bra.

Damene på polet seier dei kjem til å sakna sjefen sin.

- Han er veldig ærleg og har ein fin humor, den kjem eg til å sakna, seier Veronica Haugland.

- Han har vel nokre svake sider òg?

- He, he, ja det har han. Einar høyrer veldig tungt, så av og til svarer han heilt borte i natta når kundane spør om noko. Det er litt pinleg, men no får vi no flytta akkurat det problemet ned til Fana, ler Veronica.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.