Næringsliv | 29. sep. 2011

Sjefen tar kjeledressen på

Fredag blir siste arbeidsdag for fleire ved Askeladden-fabrikken. Men det blir ikkje siste dag med norsk Askeladden-produksjon.

Sjefen tar kjeledressen på
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. sep. 2011 07:27

Sidan oppstarten av Askeladden Boats AS, som i 2009 tok over merkevaren og fabrikken etter konkursen i 2008, har det vore produksjon av Askeladden både i Polen og i Hagavik. Men i august bestemte selskapet seg for å flytta også småbåtproduksjonen til Polen.

– Situasjonen for båtmarknaden er ikkje ulik hausten 2008. Vi har framleis modellar som sel godt, dessverre er det ikkje dei som blir produsert i Hagavik, sa dagleg leiar Henrik Askvik til Midtsiden i august.

Administrasjonen blir sitjande ved fabrikken, men drygt 30 av dei i produksjonen mista jobbane sine. Produksjonen går ut september, altså ut morgondagen, men held fram i liten skala.

Dei fleste i ny jobb

Fleire av dei tilsette har funne seg nye jobba og slutta før siste produksjonsdag, 9 av rundt 35 som måtte gå er igjen denne sisteveka.

– Prosessen har gått fint. Det har vore ei grei stemning, sjølv om vi synes det er trist, både dei som går og vi som sit igjen, så er det ingen som er bitre, seier Askvik.

– Dei fleste har funne nye jobbar og fleire av dei som er igjen no på slutten har hatt tilbod om nye jobbar dei har takka nei til for å venta på noko som passar dei betre. Eg har ikkje inntrykk av at nokre av dei har panikk.

Direktøren tar kjeledress på

Fredag blir siste dag med Askeladden-produksjon for dei 9 siste av dei som mista jobbane sine. Men den siste norskproduserte Askeladden er framleis ikkje støypt.

– Vi har halde på to tilsette som berre skal driva støyping og montering. I tillegg er vi fleire på kontoret som har kunnskap og erfaring om dette, som vil vera med i periodar, inkludert med sjølv.

– Så direktøren kan hamna på golvet utover vinteren?

– Ja. Der har eg vore før, det er berre kjekt det, å få vera med å produsera.

Bruker fabrikken vidare

Det er fleire årsaker til at Askeladden Boats held fram med produksjon etter at dei offisielt flyttar også småbåtproduksjonen til Polen.

– Vi vil bruka fabrikken til blant anna å montera utstyr og tilleggsutstyr (opsjonar). For å halda dei som skal gjera dette med nok jobb så held vi fram med litt produksjon også.

– Dessutan har vi 20 båtar som ikkje er ferdige enno. Og så har vi ein del materiell vi vil bruka opp, så vi held fram med småskala-produksjon også etter nyttår.

Med småskala meiner Askvik rundt éin båt i veka. På det travlaste har fabrikken laga 7-8 båtar for dagen.

I Polen går produksjonen for fullt på dei større båtane. Produksjonsstart for modellar som blei produsert i Os startar i desember. Først ut er den nye prisvinnande modellen Askeladden C62 X-over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.