Lokal | 24. nov. 2012

Sjekk den nye politibilen!

Os-politiet har fått seg ein kraftig Passat med mykje utstyr, nye varsellys og sjølvsagt – med den nye dekoren.

Sjekk den nye politibilen!
Onsdag fekk politiet i Os ny bil, ein VW Passat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. nov. 2012 20:40

Bildeserie:

Passaten erstattar denne Mondeoen. (Foto: KVB)
Passaten erstattar denne Mondeoen. (Foto: KVB)
Bilen kom til Os onsdag 21. november. (Foto: KVB)
Bilen kom til Os onsdag 21. november. (Foto: KVB)
Passaten har mykje refleks i dekoren. (Foto: KVB)
Passaten har mykje refleks i dekoren. (Foto: KVB)
Noko som er lett å sjå når du set lys/blits på. (Foto: KVB)
Noko som er lett å sjå når du set lys/blits på. (Foto: KVB)
Lysa på taket kan også lysa oransje. (Foto: KVB)
Lysa på taket kan også lysa oransje. (Foto: KVB)
Som dette, frå høgre til venstre, eller motsett. (Foto: KVB)
Som dette, frå høgre til venstre, eller motsett. (Foto: KVB)
Bilen har ein 2,0 liters turbodieselmotor med 170 hk. (Foto: KVB)
Bilen har ein 2,0 liters turbodieselmotor med 170 hk. (Foto: KVB)
Og firehjulstrekk. (Foto: KVB)
Og firehjulstrekk. (Foto: KVB)
Dette blir noko å stilla opp utanfor festen med. (Foto: KVB)
Dette blir noko å stilla opp utanfor festen med. (Foto: KVB)
1 av 9

Du har kanskje sett den på vegen og lurt på om det var vegvesenet eller ein spansk politipatrulje på gjennomreise?

Men nei, det er Os lensmannskontor som har fått ny bil, ein VW Passat med politiet sin nye dekor.

– Bilen erstattar Ford Mondeoen vi har hatt på lån sidan Volvoen blei utdatert, fortel politibetjent Thomas Juulseth.

Juulseth henta bilen på onsdag, og har vore i teneste sidan. Mondeoen er levert til Bergen.

Meir synleg

Det første du legg merke til med den nye designen er nok refleksbruken, politiet skal bli meir synleg.

Også blålysa er meir synlege, men dei kan stillast ned i styrke ved behov. Dessutan har den nye politibilen også oransje varsellys.

– Dei kan brukast for eksempel ved trafikkuhell, der det er stopp i trafikken eller dirigering eller omkjøring, fortel Juulseth og viser.

Dei oransje lysa på baksida av bøylen på taket kan brukast på ulike måtar, blant anna kan dei gå frå høgre til venstre, eller omvendt, for å visa bilistar kva side dei skal kjøra på.

4x4 og 170 hk

Volkswagen Passat og transportkjøretøyet Mercedes-Benz Vito/Sprinter er politibilane som blir levert dei neste fire åra.

– Bilen har blant anna meir utstyr og betre betjening, det er meir handsfree i Passaten enn i Mondeoen.

Passaten blir levert med ein toliters turbodieselmotor på 140/170 hestekrefter og firehjulsdrift.

Utan riksvåpen

Andre legg kanskje også merke til at riksvåpenet er vekke.

– Det er berre eitt politi i Noreg. Politi er politi, så det burde vera tydeleg nok for alle å sjå at det er politiet som kjem kjørande sjølv om ikkje løva er med, seier politiinspektør Jan Morgan Guttormsen i Politidirektoratet til DinSide.

Det er designfirmaet Itera Gazette som har teikna den nye profilen til politiet, som no også omfattar bilane.

Norske politibilar og ny design

• I dag er det cirka 2000 statseigde politibilar i Noreg – både uniformerte og sivile.

• Politiets data- og materielltjeneste (PDMT) leverer cirka 100 nye bilar i året.

• Den nye anskaffelsesavtalen gjeld i fire år, fram til oktober 2016.

• Under prøveperioden med nytt design, som har vart sidan i fjor vinter, har det blitt gjort ei rekke endringar.

• Det svarte, som i politi-bokstavane, var først utstyrt med refleks. Under ulike lysforhold flaut imidlertid refleksen over i den hvite basisfargen. Dermed ble refleksen erstatta med rein svart, utan refleks. I staden blei det lagt på ein kvit reflekskant rundt det svarte.

• Mot slutten av testperioden blei det også klart at bilane skulle ha ein kombinasjon av fluoriserande gult og raud refleks bak, for yttarlegare auka synligheit.

• Det førre designet var frå 1987.

Kjelde: Politiets data- og materielltjeneste (PDMT)/Politidirektoratet (POD)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.